Lyst på ein spennande IT-sommarjobb i eit framtidsretta selskap?

Arbeidsgiver
Fjord1 AS
Stillingstittel
Sommarhjelp IT medarbeidar
Frist
30.04.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Fjord1 er leiande innan grøn maritim transport og ein sentral aktør i utviklinga av framtidas ferjedrift. Vi driftar ein av verdas mest moderne og miljøvenlege ferjeflåtar, og IT spelar ei viktig rolle i å sikre effektive og stabile løysingar for både tilsette og passasjerar.

Vår kjære sommarhjelp dei siste 3 åra går no over i ei trainee stilling i Fjord1, og vi søkjer derfor etter ein ny engasjert sommervikar til IT-avdelinga!

 


Kva kan du vente deg?

Som sommarhjelp på IT-avdelinga vil du vere ein del av supportteamet som hjelper tilsette i Fjord1 med IT-relaterte utfordringar. Du vil få varierte oppgåver knytt til brukarstøtte, feilsøking og enklare tekniske løysingar. Dette gir deg god praktisk erfaring og innsikt i korleis IT-støtte fungerer i ein stor organisasjon.

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som:

  • Har påbegynt utdanning innan IT, helst ein bachelor- eller mastergrad.
  • Er førsteårsstudent, slik at det kan vere mogleg med vidare sommarjobbar i framtida.
  • Er strukturert, lærevillig og trivst med å finne løysingar på tekniske utfordringar.
  • Likar å hjelpe andre og har god evne til å kommunisere på ein forståeleg måte.

Kvifor jobbe hos oss?

I Fjord1 får du verdifull erfaring i ein teknologidreven organisasjon. Vi gir deg:

  • Praktisk erfaring med IT-support og brukarstøtte i ein større bedrift.
  • Moglegheit for fleire sommarjobbar gjennom studietida, noko som gir deg stadig meir ansvar og erfaring.
  • Læringsutbytte i praksis – du vil arbeide med reelle utfordringar og utvikle deg fagleg.
  • Eit godt arbeidsmiljø med hjelpsame kollegaer som gjerne deler kunnskap.
  • Eit nettverk i ein leiande maritim aktør, som kan vere nyttig for framtidige jobbmoglegheiter.
  • Og ikkje minst – vaflar i kantina kvar fredag!

 

Arbeidsstaden er Florø, og stillinga er ein sommarjobb i ein avgrensa periode.

 

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest

Kontaktinformasjon

Ørjan Midttun, IT Leiar, orjan.midttun@fjord1.no

Arbeidsstad

Strandavegen 15

6905 FLORØ

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS


Referansenr.: 4941784007

Stillingsprosent: 100%

Sommarjobb

Søknadsfrist: 30.04.2025

Sektor
Privat
Sted
Strandavegen 15, 6905 Florø
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / IT-support, IT drift og vedlikehold / Drift/Operations, IT utvikling / Utvikler (generell)
FINN-kode
398863952
Sist endret
21. mars 2025 07:56