Inaktiv

Fysioterapeut

Arbeidsgiver
Medisinsk poliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Fysioterapeut
Frist
30.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Hjarterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus har ledig totalt 50% vikariat (20 % + 30 %) vikariat for fysioterapeut.

Hjarterehabilitering er eit individuelt poliklinisk tilbod for å skape motivasjon til hjartevenleg livsstil, gje
sekundærprofylakse, samt auke kunnskap og tryggleik til dei som har hatt hjarteinfarkt, blokka/stenta
kransåre (PCI-behandla) eller gjennomgått by-pass operasjon. (Vi tilbyr også trening til hjartesviktpasientar). 

For mer info om pasienttilbodet: https://www.helse-mr.no/behandlinger/hjarterehabiliteringa-ved-alesund-sjukehus/ 

I lenka er det en introduksjonsfilm, og orientering om dei tre ulike forløpa vi tilbyr. Digital heimeoppfølging er ein del av tilbodet.
Vil du bli kjent med innovative kolleger, og bli ein del av eit godt arbeidsmiljø, så vær rask med å søke. Kort
søknadsfrist.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.     


Arbeidsoppgåver

Ein fysioterapeut ved hjarterehabiliteringa vil mellom anna:

  • Ha både tverrfaglege og individuelle samtalar med deltakarane
  • Gi individuell treningsrettleiingog lede gruppetrening
  • Undervise hjartepasientar
  • Gjennomføre fysiske testar i samarbeid med sjukepleiar
  • Ha oppsøkande verksemd med omsyn til inneliggjande pasientar for informasjon om sjukdommen og
    tilbodet ved hjarterehabiliteringa
  • Organisere inntak av deltakarar i samarbeid med sjukepleiar
  • Arbeide med digital oppfølging av aktuelle kandidatar

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent fysioterapeut
  • Erfaring frå arbeid med hjartepasientar i sjukehus kan vere ein fordel
  • Kunnskap om hjartesjukdom og fysisk aktivitet
  • Fordel med erfaring i å gjennomføre fysiske testar
  • Interesse for bruk av medisinsk teknisk utstyr og digitale flater 
  • Gode undervisningsevner
  • God munnleg og skriftleg norskkunnskap

Personlege eigenskapar

  • Positiv, fleksibel, strukturert og initiativrik
  • Evne å bidra til eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Fagleg engasjert
  • God motivator
  • Teamorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide i ein hektisk kvardag
  • Ynskje om å utvikle deg innan hjartefaget

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Ann-Helen Tryggestad Arthur, Seksjonsleiar, +47 70105742, Ann-Helen.Tryggestad.Arthur@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4910066544

Stillingsprosent: 20, 30%

Vikariat

Startdato: 01.04.2025

Søknadsfrist: 30.03.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Fysioterapeut
FINN-kode
398869933
Sist endret
21. mars 2025 09:08