To sommarvikarar på innbyggjarservice
- Arbeidsgiver
- Alver kommune
- Stillingstittel
- To sommarvikarar på innbyggjarservice
- Frist
- 07.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vi treng to sommarvikarar frå midten av juni til midten av august.
Om oss
Innbyggjarservice er kommunen sitt ansikt utad. Vi svarar på spørsmål og rettleiar innbyggjarane når dei besøker, ringer eller tar kontakt med oss via digitale kanalar .
Vi har for tida resepsjon på senteret i Amfi Knarvik.
Arbeidsoppgåver
Kvar dag ønskjer fleire hundre innbyggjarar å få kontakt med tilsette i kommunen. Vår viktigaste oppgåve er å sikre at dei som besøker, ringer eller tar kontakt med oss via digitale kanalar får den hjelpa dei treng.
Målet vårt er å skape gode møte. Vi skal bidra til at innbyggjarane opplever at Alver er ein open og imøtekommande kommune.
Er du den rette?
Du har fullført vidaregåande skule. Det hadde vore interessant om du studerer eller er i ferd med å avslutte relevant utdanning – gjerne fagbrev innan kontor- og administrasjonsfaget.
Du har sertifikat og tilgang på bil, om du treng det for kome til og frå arbeid i Knarvik.
Vi legg stor vekt på dei personlege eigenskapane dine i rekrutteringa.
- Du har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.
- Du er god til å finne riktig informasjon og vidareformidle den på ein enkel måte.
- Du har godt humør, er omgjengeleg og har ei naturleg serviceinnstilling.
- Du har motivasjon og evne til å ta i bruk digitale verktøy og tileigne deg ny kunnskap.
- Du er løysingsorientert og trivst i eit miljø med høg fart og mange oppgåver.
- Vi jobbar i team. Det er difor ein føresetnad at dette er ein arbeidsform du handterer og trivst med.
Vi tilbyr
Du vil få opplæring i telefonsystemet vårt og andre nødvendige fagsystem.
Du vil bli del av eit dyktig og humørfylt team, som strekker seg langt for innbyggjarane i kommunen.
Løn etter gjeldande tariffavtale.
Vi er Alver!
Sjå filmen om tenestene i kommunen vår.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
- Stillingsfunksjon
- Kontor og administrasjon, Kundeservice, Konsulent
- FINN-kode
- 398877746
- Sist endret
- 21. mars 2025 09:58
Mer som dette

Sjåfør på lastebil klasse C (liftbil/kontainerbil) sjåfør på lastebil klasse CE (semi oljebasetransport)

