Fagarbeidar / assistent i Gol barnehage
- Arbeidsgiver
- Gol kommune Gol barnehage
- Frist
- 06.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Gol barnehage med dei tre kommunale barnehagane Breidokk, Herad og Vesterhuset arbeidar for ein kontinuerleg utvikling av barnehagane, og søkjar medarbeidarar som er interessert i å ta aktiv del i læring og utvikling.
Dine kvalifikasjonar:
• Barne- og ungdomsarbeidar eller anna barnehagefagleg utdanning
• Har relevant erfaring frå barnehage og ynskje om å gjennomføre barnehagefagleg utdanning.
• Lære å bruke digitale verktøy som Gol kommune nyttar administrativt for tilsette og i pedagogisk arbeid
med barna
• Uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
Forventningar til deg som søkar:
• Kreativ og leiken, samtidig som du kan vere ein tydeleg vaksenperson.
• Aktiv og bevisst vaksen saman med barna både inne og ute
• Har evner til å skape gode relasjonar med barn.
• Kan begeistre og motivere barn, kollegaer og foreldre
• Er interessert i barn si utvikling og medverking.
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner overfor både barn, føresette og tilsette
• Bidreg til eit raust arbeidsklima.
• Profesjonell, lydhøyr og tillitsvekkande i møte med kollegaer og foreldre.
• Jobbar sjølvstendig og tar ansvar
• Deltar i det pedagogiske arbeidet
• Tar medansvar ved planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar, både inne og ute.
• Er fleksibel, positiv innstilt og initiativtakar
Vi kan tilby:
• Eit godt arbeidsmiljø
• Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
• Løn etter utdanning og praksis
• Stillingsbeskriving
• Gratis trening
Anna:
• Det vil ved tilsetjing bli lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og evne til samarbeid
• Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane – menn blir oppfordra til å søkje
• Dei som blir tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest jf. Lov om barnehagar
• Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju, og må leggje fram kopi av vitnemål og attester
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta
personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut
i frå desse.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Informasjon om barnehagane finn du på nettsida: www.gol.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 4
- Sted
- Gamlevegen 4, 3550 Gol
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 398878298
- Sist endret
- 21. mars 2025 09:49