Lærar- Norsk som andrespråk
- Arbeidsgiver
- STR - Avd. PED, Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel
- Lærar- Norsk som andrespråk
- Frist
- 31.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Stryn vidaregåande skule ligg sentrum av tettstaden Stryn, inst i Nordfjord. Skulen har om lag 270 elevar og 60 tilsette. Vi tilbyr følgjande utdanningsprogram: Teknologi- og industrifag, bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag og studiespesialisering. I tillegg har vi landslinje i skiskyting og vaksenopplæring i bygg- og anleggsteknikk, restaurant- og matfag og sal, service og reiseliv. Vi legg vekt på å skape gode læringsmiljø for elevane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Frå 1. august har vi ledig inntil 100% undervisningsstilling i norsk for innføringsklasse.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i tråd med gjeldande læreplaner og forskrift
- Samarbeid med kollegaer og leiing om utvikling av skulen
- Det kan leggast kontaktlærarfunksjon til stillinga
- Det kan bli aktuelt med undervisning i andre fag og norsk på andre programområder
Kvalifikasjonar
- Til alle stillingar er det krav om relevant pedagogisk utdanning
- Erfaring med undervisning for ungdom med norsk som andrespråk
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Positiv og liker å jobbe med ungdom
- Sterkt elevengasjement og opptatt av eleven sitt beste
- Strukturert, utviklings- og løysingsorientert
- God på relasjonar og samarbeid med både elevar, kollegaer og leiing
- Kan arbeide sjølvstendig
- Vil vere med å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- God delingskultur og fokus på utvikling i profesjonsfellesskapet
- Inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter til eigen læring og utvikling
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søkjarar som ikkje har godkjent pedagogisk utdanning kan tilsetjast på vilkår.
Kontaktinformasjon
Kari Vigdis Teigen Nyberg, avdelingsleiar, 90999987
Arbeidsstad
Hegrevegen
6783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4942064355
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Hegrevegen, 6783 Stryn
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 398893981
- Sist endret
- 21. mars 2025 12:01