Vil du bli vår nye maskinsjef?
- Arbeidsgiver
- Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Stillingstittel
- Maskinsjef i sambandet Leirvåg-Sløvåg, p.t. MF Storfjord
- Frist
- 07.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Vi har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Leirvåg-Sløvåg, om bord MF Storfjord. Denne ferja vart bygd i 2011, og er i 2019 bygd om til hybrid med batteri som primær energikjelde for framdrift.
Kvifor velje oss?
- Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
- Fleksibel vaktordning: Døgnskift med 3 veker på, og 3 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi.
Byttedag mandagar!
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemte og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- Nordiske språkkunnskaper muntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi søker en ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef med fokus på sikkerhet og effektiv drift. Du er løsningsorientert, strukturert og trives med å lede og samarbeide i team. Eit sikkert arbeidsmiljø, er noko av det viktigste du veit. Visst desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Maskinistforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: Døgnskift 3 veker på og 3 veker av
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Bemanningskoordinator, +47 479 95 295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
Fv575953 Fonnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4942219167
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.04.2025
- Sektor
- Privat
- Sted
- Fv57 520, 5960 Dalsøyra
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Annet, Teknisk personell
- FINN-kode
- 398897893
- Sist endret
- 21. mars 2025 12:36
Mer som dette
