Tenesteleiar Måløy Heimeteneste 

Arbeidsgiver
Kinn kommune
Stillingstittel
Tenesteleiar Måløy Heimeteneste
Frist
04.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

 

Kinn kommune er ein heimetenestekommune, og satsar på kvardagsmeistring og velfersdteknologi. Måløy Heimeteneste har base på ICT bygget. Tenesta har dyktige tilsette som er fag- eller høgskuleutdanna i alle stillingar, fleire av dei har også 1 eller fleire vidarutdanningar. Kinn kommune har kompetanselønnssystem som godtgjer tilleggsutdanning. Vi nyttar årsturnus og tilbyr både to- og tredelt turnus.


Arbeidsoppgåver

Som tenesteleiar har du ansvar for å utvikle eit kreativt og kunnskapsbasert arbeidsmiljø i heimetenesta og på dagtilbod for eldre. Du er leiar og hovudansvarleg for god omdømebygging. Du i samråd medarbeidarar har ansvar for at  kvaliteten på tenesta som skal utøvast til brukerane er gode og samsvarar med dei mål Kinn kommune har satt.

Tenesteleiar har eit heilskapleg ansvar for sitt område i høve:
• Planlegging, kvalitet og fagutvikling
• Sakshandsaming
• Økonomi -budsjettstyring 
• Leiing og personalansvar

Tenesteleiar rapporterer direkte til kommunalsjef for Helse og velferd.

Kvalifikasjonar

3 årig høgskule eller meir innan helse og omsorgsfag
Du må ha leiarerfaring og det er ynskjeleg med vidareutdanning i leiing 
Du må ha god datakompetanse, og kunne bruke våre fagsystem som er Cos Doc ,RS og WebSak.

Gjerne erfaring og kompetanse i tverrfagleg samarbeid og teamarbeid

Personlege eigenskapar

Er lojal og har evne til å gjennomføre politiske og administrative avgjerder

Har gode kommunikasjonsevner og sosial kompetanse.
Likar endring og er god på å leie sine medarbeidarar gjennom endringsprosesser

Kan jobbe sjølvstendig

Er fleksibel, kreativ, nytenkjande og løysingsorientert
Likar å ha ansvar, tek  ansvar og ansvarleggjer tilsette   

Vi tilbyr

Ein kompetansearbeidsplass der du får vere med å utvikle tenestene saman med andre 

Samarbeid med mange motiverte og godt kvalifiserte medarbeidarar

Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer eigen arbeidsdag.

Høve til personleg utvikling og fagleg etter- og vidareutdanning

Vi har rutine på korleis nye leiarar får oppfølging og rettleiing

Systematisk etisk refleksjon for leiarar.

God pensjonsordning i KLP

Løn etter kompetanse

Kontaktinformasjon

Norunn Stavø, Kommunalsjef helse og velferd, +47 41536120, norunn.stavo@kinn.kommune.no

Arbeidsstad

Gate 1 64

6700 Måløy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune


Referansenr.: 4937503151

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Gate 1 64, 6700 Måløy
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
398902185
Sist endret
21. mars 2025 12:58