Lege i spesialisering (LIS 3) i klinisk farmakologi – fast stilling - ved Seksjon for klinisk farmakologi
- Arbeidsgiver
- Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Hels
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering (LIS 3) i klinisk farmakologi - fast stilling
- Frist
- 25.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi har frå 01.09.2025 ledig fast stilling som lege i spesialisering (LIS 3) i klinisk farmakologi. Stillinga vil vere knytt 50% til klinisk farmakologi, 50% til RELIS Vest.
Seksjon for klinisk farmakologi og RELIS Vest ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Avdelinga har ein omfattande rutine- og forskingsaktivitet og er også godkjend for hovudutdanninga innan spesialiteten klinisk farmakologi.
Seksjonen har tilsatt 6 overlegar, av dette ein overlege i bistilling med hovudstilling på Universitetet i Bergen (UiB), ein legespesialist og tre legar i spesialisering (LIS). RELIS Vest har ansatt ni farmasøytar. Fleire medarbeidarar har bistilling ved UiB. Seksjonen har ansvar for leiarskap av Helse Bergen sin legemiddelkomite og for koordinering av legemiddelrådgjeving i foretaket. Seksjonen inkluderer legemiddelinformasjonssenteret i Helseregion Vest, RELIS Vest.
Seksjonens medarbeidarar gir beslutningsstøtte til primær- og spesialisthelsetenesta innan legemiddelbehandling og formidlar kunnskap om riktig bruk av legemiddel.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg medansvar for lege- og rusmiddelanalysar og tilhøyrande diagnostikk:
- tolke analyseresultat
- vurdere klinisk nytteverdi av lege- og rusmiddelanalysar, samt deira preanalytiske og analytiske kvalitet
- bidra til vidareutvikling av analysetilbodet i samarbeid med relevante kliniske miljø - Fagleg medansvar for formidling av rasjonell farmakoterapi:
- - gje råd til helsepersonell i bruk av legemiddel knytt til effekt og biverknader
- delta i KUPP-Kunnskapsbaserte oppdateringsvisittar for fastlegar
- delta i arbeid med produsentuavhengig legemiddelinformasjon
- delta i arbeid med biverknader
- delta i arbeid i legemiddelkomiteen
- delta i vaktordning måndag til fredag frå kl. 0800-1600
Det er ein viktig del av verksemda å drive med forsking og utvikling, og det blir lagt til rette for det
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 3stilling i klinisk farmakologi
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne innan norsk og engelsk
- Erfaring frå arbeid i laboratoriefag blir lagd vekt på
- Erfaring med og interesse for forsking og undervisning blir lagd vekt på
Personlege eigenskapar
- Du må:
- ha evne til sjølvstendig og prosjektorientert arbeid
- vere motivert for fagleg utvikling og forsking, samt undervising
- ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- personleg egnethet blir lagd vekt på
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- God opplæring
- Varierte arbeidsoppgåver
- Tid til fagleg fordjuping og utvikling
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Camilla Borthen Methlie, Einingsleiar, seksjonsoverlege, 95978278, camilla.borthen.methlie@helse-bergen.no
Kristine Heitmann, Seksjonsleiar RELIS Vest, 55975360/40856737, kristine.heitmann@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsbakken 49
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 4939452217
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 25.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsbakken 49, 5009 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Lege
- FINN-kode
- 398906744
- Sist endret
- 21. mars 2025 01:27
Mer som dette


