Vikariat som sakshandsamar i helse og omsorg 

Arbeidsgiver
Heimetenesta, Stad kommune
Stillingstittel
Vikariat som sakshandsamar i helse og omsorg
Frist
06.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Er du ein engasjert sakshandsamar og klar for framtidas utfordringar ?

Vi søkjer deg som er drivande engasjert med sterk fagleg kompetanse til å vere med å utvikle framtidas tenestilbod. 

Stad kommune har ledig vikariat i 100 % stilling som sakshandsamar innan helse og omsorg. Stillinga er ledig frå snarast . 

Kommuna står ovanfor utfordringar som krev nytenking og smarte løysingar i tildeling av tenester og bustadar. Med aukande behov for kommunale helse- og omsorgstenester og eit strammare økonomisk handlingsrom, er det viktig å dreie innsatsen mot lågterskel og helsefremjande tenester. Sakshandsamarteamet har eit stort ansvar for å sette standarden på tenestenivået i kommunen og vi treng no ein ekstra person med i teamet vårt ! 

I denne stillinga blir du ein del av eit fagleg sterkt miljø som jobbar for å finne dei beste løysingane saman.

Teamet skal svare på spørsmål, gje rettleiing og handsame søknader om helse- og omsorgstenester på tvers i kommunen. Teamet har også ansvar for oppfølging av fritidskontakter, koordinatorar, klagehandsaming og tilrettelegging av kommunen si koordinerande eining.  Teamet arbeidar strukturert etter ulike planverk, og  likar å jobbe smart ved å utnytte digitale hjelpemidlar og system.

Medlemmane i teamet har fast arbeidsstad på Nordfjordeid, men om du ynskjer å ha delt arbeidsstad mellom Nordfjordeid / Selje vil dette la seg gjere. 

Dersom dette vekker interesse og engasjement hjå deg vil vi gjerne sjå din søknad.


Arbeidsoppgåver

Sakshandsamarteamet har ansvar for: 

  • Mottak og rettleiing av nye henvendingar
  • Kartlegge, sakshandsame og evaluere vedtak
  • Legge fram saker i tildelingsmøte
  • Koordinering av utskrivingsklare pasientar
  • Gode overgangar mellom tenestenivåa
  • Kvalitetsforbetring knytt til sakshandsaming
  • Koordinerande eining (KE)
  • Oppfølging av fritidskontakter
  • Sakshandsaming i heile Stad kommune.

Kvalifikasjonar

  • 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning på høgskule-/universitetsnivå, fortrinnsvis utdanning som sosionom / ergoterapeut 
  • Relevant vidareutdanning. Søkjar utan vidareutdanning kan bli vurdert,
  • Erfaring med sakshandsaming innanfor helse- og omsorgstenestelova og forvaltingslova 
  • Erfaring frå arbeid innan kommunale helse- og omsorgstenester
  • God på samhandling og koordinering
  • Gode norskkunnskapar, god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode datakunnskapar og god evne til å nytte IT som arbeidsverktøy 

Personlege eigenskapar

  • Evne til å lære raskt, ta initiativ, være løysingsorientert og arbeide sjølvstendig og målretta
  • Evne til å stå i vanskelege situasjonar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, men og kunne vere fleksibel og kreativ
  • Evne til å sjå moglegheiter og løysingar, framfor begrensingar
  • Ha gode samarbeidsevne med klar og tydeleg kommunikasjon - både skriftleg og munnleg
  • Ta ansvar for eiga utvikling, samt bidra til tenesteutvikling
  • Førarkort klasse B og kan disponere eigen bil
  • Være ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle


Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga. Vi ber også om at søkjarar opplyser om relevante referansar av nyare dato.

Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Kontaktinformasjon

Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72, annette.hovden@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Rådhusvegen 11

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune


Referansenr.: 4938124814

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 30.03.2025

Sluttdato: 14.12.2025

Søknadsfrist: 06.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Saksbehandler, Konsulent, Helsepersonell
FINN-kode
398917507
Sist endret
21. mars 2025 01:37