Overlege i medisinsk mikrobiologi
- Arbeidsgiver
- Laboratorieklinikken/ Mikrobiologisk avdeling, Helse Bergen HF
- Stillingstittel
- Overlege i medisinsk mikrobiologi
- Frist
- 24.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig 100% fast stilling for overlege i medisinsk mikrobiologi frå 1. september 2025. Mikrobiologisk avdeling har rundt 120 tilsette, deriblant sju overlegar, tre overlegar i bistilling og fem stillingar for LIS. Avdelinga tar imot eit rikhaldig assortement av prøver frå allmenn- og spesialisthelsetenesta.
Den som blir tilsett får arbeidsoppgåver innan heile det mikrobiologiske feltet. Forskingstilhøva ved avdelinga er gode. Stillinga inngår i vaktordning med heimevakt på ettermiddagar og helg/helgedagar.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidstakars hovudoppgåver vil vere knytt til diagnostikk og utforsking av infeksjonar
- Det blir forventa at overlegen bidrar til vidareutvikling av moderne mikrobiologiske diagnostikk, spesielt knytt til raskare og meir treffsikker diagnostikk
Kvalifikasjonar
- Søkar må ha Norsk autorisasjon
- Søkjar må vere spesialist i medisinsk mikrobiologi
- Mykje av aktiviteten ved avdelinga er utviklingsorientert, og det er derfor ønskeleg at den som blir tilsett har god akademisk kompetanse innan molekylær laboratoriediagnostikk
- Det blir forventa at overlegen tar del i forskingsprosjekt knytt til aktiviteten ved Mikrobiologisk avdeling
Personlege eigenskapar
- Du er målretta, og får oppgåvene gjort
- Du har engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Høgt fagleg nivå
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Elling Ulvestad, Avdelingsoverlege, 55974616Arbeidsstad
Jonas Lies veg 875021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4942136298
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Jonas Lies veg 87, 5021 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Ingeniør, Ledelse
- FINN-kode
- 398921134
- Sist endret
- 24. mars 2025 06:53