Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar

Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Stillingstittel
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Frist
06.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar

Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga.

Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. 

Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:

  • ReHabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering - Post 1 og Post 2
  • Kirurgisk klinikk, Gastrokirurgisk avdeling - Post 1, Post 3, Avdeling for karkirurgi
  • Medisinsk klinikk, Seksjon for hormonsjukdommar - Medisin 1 Nord
  • Nevroklinikken, Spinaleininga
  • Klinikk for hovud/hals, Øyre-nase-hals poliklinikk, Hode-hals og auge sengepost
  • Lungeavdelinga, Post 1, Post 3
  • Kreftklinikken, Poliklinikk
  • Bemanningssenteret

Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge.

Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.

Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.


Arbeidsoppgåver

Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering. 
Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf 55918484/Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425.

Gastrokirurgisk avdeling, post 1 er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 18 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid. 
Kontakt: May-Britt Sudmann, Tlf. 90784700/ Anette Haatuft Haugland, Tlf. 55973408. 

Gastrokirurgisk avdeling, post 3
 er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 20 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i
heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god
på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får
du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Vi har fokus på
fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid. 
Kontakt: Marius Andreassen, Tlf. 55973508.

Avdeling for karkirurgi er ein kirurgisk sengepost med pasientar frå to fagfelt, plastikkirurgi og karkirurgi. Sengeposten avlastar også Brannskadeavdelinga, så det er ein kompleks avdeling med stort spenn i diagnosar, pasientgrupper og sjukepleieprosedyrar. Arbeidsmiljøet er godt og vi legg til rette for fagleg utvikling for våre medarbeidarar. Som sjukepleiar må du pårekne å jobbe på begge fagfelta etter behov. Vi har primærsjukepleier, samt ein fast teamleder på kvar faggruppe i vekene som har ansvar for legevisitt, administrativt arbeid, samt å koordinere arbeidet innad i gruppa. På kvar vakt har vi ein vaktleiar som har eit overordna ansvar for pasientflyt og bemanning, samt ansvar ved brann og beredskap. Vi har ein god blanding av elektive og ØH-pasientar. Nokre er kun innlagt i eit døgn, mens andre kan vere inneliggande i fleire veker. Kirurgisk post 4 har eit ungt og inkluderande arbeidsmiljø med jamlege sosiale treff utanom arbeidstid. Dersom du er ute etter eit inkluderande arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling, så kan avdelinga vår vera noko for deg. 
Kontakt: Siri Erstad, Tlf. 91752555.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Medisin 1 Nord ein nefrologisk og endokrinologisk sengepost med 18 senger. Vi behandlar pasientar med mellom anna nyresjukdommar som kronisk og akutt nyresvikt, nefrotisk syndrom, pyelonefritt, oppstart med dialyse, hypertensjon, diabetes, elektrolyttforstyrringar, stoffskiftesjukdommar, samt vanlege indremedisinske sjukdommar.
Kontakt: Øystein Nautvik, Tlf.  55973619.

Spinaleininga har 12 senger og tar i mot ryggmargsskadde pasientar frå Helseregion Vest til primærrehabilitering og livslang oppfølging. Pasientane våre har skadar i rygg/nakke, som fører til ulike lammingar og funksjonstap. Vi tar i mot både nyskadde og pasientar til oppfølging. Eininga held til i trivelege lokale, med mange tekniske hjelpemiddel som gjer at det er godt lagt til rette for vår brukargruppe og dei tilsette. 
Kontakt: Hege Storlid, Tlf. 93051019.

Øyre-nase-hals poliklinikk har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar. Vi behandlar både elektive og ØH pasientar. Utgreiing, behandling og kontroll av pasientar blir utført både i team med andre yrkesgrupper, og ved sjølvstendige sjukepleie-konsultasjonar. Søkarar må kunne jobbe i team, kunne snu seg raskt, takla ein travel kvardag og sjå framover. Vil vil legge vekt på at søkar har personlege eigenskapar som passar for stillinga. Søkarar må ha erfaring frå øyre-nase-hals og operasjonsplanlgging. 
Kontakt: Marius Pallesen, Tlf. 55970934.

Hovud-hals og auge sengepost har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar i 3 delt turnus. Posten har 27 senger og pasientar over 18 år. Det er ein spennande kirurgisk avdeling med stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar, med hovudansvar for tracheostomipasientar på sjukehuset. Hos oss får du god erfaring innan fagfelta hovud-hals, øyre, nase, biholer, kjeve og auge med god variasjon av arbeidsoppgåver.
Kontakt: Kjersti Walde, Tlf. 55973509.

Lunge post 1 er mellom dei største lungemedisinske einingane i landet og er leiande innan pasientbehandling, utdanning og forsking i lungemedisin. Vi har kombinert funksjon med sengepost og respiratorisk overvaking (ROE). Av totalt 16 senger er inntil 8 tiltenkt pasientar som treng respiratorisk overvaking og pustehjelp (BiPAP/heimerespirator). Hovudgruppa av pasientar er kols, respirasjonssvikt, lungebetennelse. 
Kontakt: Lillian Hopland, Tlf. 55973552.

Lunge post 3  er ein sengepost med 22 sengeplassar. Avdelinga greier ut og behandlar i hovudsak pasientar med lungekreft, lungeinfeksjonar, KOLS og pasientar med cystisk fibrose. I tillegg har avdelinga eige luftsmitteisolat til pasientar med tuberkulose. Hos oss vil du få ein bratt læringskurve i trygge oomgjevnader og vi kan tilby eit spennande fagfelt. Vi har 3-delt turnus med kvar 3. helg i årsturnus, med moglegheit for å påverke eigen turnus. 
Kontakt: Sandra Strømmen Hansen, Tlf. 55973533.

Kreft poliklinikk består av en behandlingsdel og en konsultasjonsdel. I Behandlingsdel kommer pasientene for å få medikamentell kreftbehandling evt i kombinasjon med strålebehandling. Sykepleier som arbeider her gjennomgår 4 - trinns opplæring før man arbeider selvstendig. I konsultasjonsdel kommer pasientene til lege- eller sykepleiersamtale eller til avtale for enkle prosedyrar. Dagarbeidstid hvis ansettelse i 100% stilling poliklinikk 37,5 t/uke.
I kombinert stilling med sengepost turnusarbeider 35,5 t /uke. Her arbeider en 3 uker på sengepost og 3 uker i Poliklinikk med arbeid 3. hver helg.
Kontakt: Tone Bruland Neteland, Tlf. 41763874.

Vanskelig å velge avdeling? Bemanningssenteret søker sjukepleiarar som vil jobbe på meir enn ein avdeling. Vi har ledig 100% faste stillingar med arbeid i snitt kvar 3. helg. Vi har årsturnus, og du har stor innverknad på eigen turnus. Her får du verdfull erfaring og ein variert arbeidskvardag.
Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss får du fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet. Kontakt: Linda Greve Iversen, Tlf. 55976900. 

Du må: 

  • Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vil få dette ila vår/sommar 25
  • Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
  • Ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
  • Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa

Vi tilbyr deg: 

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF


Referansenr.: 4942306627

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 06.04.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
30
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
398925517
Sist endret
24. mars 2025 10:07