Ferievikarar drift og vedlikehald

Arbeidsgiver
Tysnes Kommune
Stillingstittel
Ferievikarar drift og vedlikehald
Frist
06.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Trivast du med praktisk arbeid og mykje frisk luft? Då kan ein sommarjobb i driftsavdelinga til Tysnes kommune vere noko for deg!

Eining for drift og vedlikehald søkjer etter 4-5 ferievikarar for sommaren 2025 til uteseksjonen/driftsavdeling.

Du må vere over 16 år, og ha høve til å arbeide minst 4-6 samanhengande veker i perioden veke 25 - 34. Skriv gjerne i søknaden din kva veker du er tilgjengeleg for å arbeide.

Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så me oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.


Kva stillinga går ut på
  • Vedlikehald av kommunen sine grøntanlegg
  • Utandørs vedlikehaldsarbeid knytt til kommunale bygg
  • Anna førefallanda arbeid

Kva kompetanse me søkjer etter
  • Relevant erfaring med praktisk arbeid
  • Sertifikat kl B er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Søkjarar til uteseksjonen må handtere enkle maskinar eks. grasklypparutstyr
  • God norskforståing, skriftleg og munnleg
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

 

 


Kva me ser etter hos deg
  • Du kan jobbe sjølvstendig, er løysingsorientert og serviceinnstilt 
  • Du har gode samarbeidsevner, er fleksibel og har godt humør
  • Du er motivert og ansvarsfull

 


Kvifor skal du velga oss?


Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.


Mangfaldserklæring

Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.


Sektor
Offentlig
Sted
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
Stillingsfunksjon
Annet, Driftsoperatør/vaktmester, Håndverker
FINN-kode
398996714
Sist endret
24. mars 2025 07:21