Journalist - 100 % fast stilling

Arbeidsgiver
Bø Blad As
Stillingstittel
Journalist
Frist
10.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bø blad – lokalavis for Midt-Telemark har i dag ansvarleg redaktør og tre journalistar, og skal nå styrke redaksjonen. Me søkjer derfor ein allroundjournalist i 100 prosent fast stilling, som vil komme tett på ulike folk og miljø i lokalsamfunnet.




Hva vi ser etter

Me ser etter deg:

• som er nysgjerrig, glad i menneske og likar å finne og formidle gode historier

• som er samfunnsorientert og interessert i det som skjer i nærmiljøet

• som kan like å jobbe i ein liten redaksjon, der me bryr oss, samarbeider tett, lærer av og heier på kvarandre

• som vil bidra til å gjere ein forskjell i folks liv gjennom lokalavisa sitt samfunnsoppdrag, og som kjenner til presseetikk og journalistiske metodar

Kvalifikasjonar:

• Erfaring eller utdanning innan journalistikk er ein fordel, men ikkje eit krav

• Språksikker og stødig i norsk, glad i skriftleg formulering

• Må kunne formidle kompliserte tema på ein enkel måte

• Tar gode bilde og kan filme

• Kan ta i bruk ny teknologi og er interessert i nye måtar å fortelje på

• Er sjølvgåande, effektiv og kan jobbe raskt og nøyaktig under tidspress

• Må ha førarkort og disponere bil




Arbeidsoppgaver

Varierte arbeidsoppgåver, med kort veg frå idé til gjennomføring




Vi tilbyr

Hos oss får du:

• Ein spennande arbeidsplass, der ingen dag er lik

• Fast stilling og stor innverknad på eigen arbeidskvardag

• Varierte arbeidsoppgåver, med kort veg frå idé til gjennomføring

• Eit inspirerande og trygt arbeidsmiljø der det er lov til å spørre, og hyggelege og engasjerte kollegaer

Arbeidstid vil normalt vere på dagtid, men du må rekne med kvelds- og helgearbeid i turnus. Oppstart: august-september 2025

Sektor
Privat
Sted
Bøgata 69, 3800 Bø i Telemark
Stillingsfunksjon
Journalist, Annet, PR og informasjon
FINN-kode
399237472
Sist endret
25. mars 2025 07:27