Sjukepleiar - fast 100% stilling

Arbeidsgiver
Kommunal legeteneste, Volda kommune, Helse og omsorg
Stillingstittel
Fast stilling - sjukepleiar
Frist
06.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer etter deg som er arbeidsvilleg, strukturert, sjølvstendig og kan handtere ein hektisk kvardag med varierte oppgåver. Som sjukepleiar hos oss blir du ein viktig del av primærhelsetenesta til lokalbefolkninga i Hornindal.

Volda kommune søkjer etter sjukepleiar i 100% fast stilling frå 15.05.25. Dersom ein ikkje får søkjarar med relevant sjukepleiekompetanse, oppmodar ein andre med relevant helsefagleg utdanning å søkje. Stillinga er plassert i tenesteområdet helse og omsorg, med seksjonsleiar for legesenteret i Volda som næraste leiar. Arbeidsstaden er ved Volda legeteneste, avd. Hornindal.


Legekontoret i Hornindal er i hovudsak fastlegesenter (tre legar og to hjelpepersonell) og daglegevakt, men er samlokalisert i helsehuset med helsestasjon, tannlege, frisklivskoordinator, fysioterapeut og kiropraktor. Som hjelpepersonell er ein tilsett i kommunen, og jobbar på dagtid. 


Arbeidsoppgåver

-sentralbordfunksjon
-pasientekspedisjon og pasientadministrasjon
-laboratorieansvar (inkludert lager og utstyr)
-skiftestovearbeid
-IT og teknisk støtte (inkludert tilgangsstyring og registrering)
-rutinar og internkontroll i samarbeid med seksjonsleiar
-tryggleik og beredskapsarbeid i samarbeid med seksjonsleiar
-planlegging og koordinering av ferie og fråvær
-anna forefallande arbeid
 
-bidra med å bygge og vedlikehalde eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

-Autorisert sjukepleiar / andre med relevant helsefagleg utdanning kan vurderast dersom ein ikkje får søkjarar med naudsynt sjukepleiekompetanse.
-Erfaring frå legekontor vil bli vektlagt.
-Personlege eigenskapar – empatisk, tolmodig og med positiv innstilling, som trivst med personleg kontakt og kan bygge tillit blant pasientar.
-Sterke munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
-Gode IT-kunnskapar og evne til å lære nye fagsystem.
-Førerkort klasse B.
-det er ønskeleg med akuttmedisinkurs

Personlege eigenskapar

Som sjukepleiar bør du like å møte nye mennesker. Du må vere flink til å kommunisere både skriftleg og munnleg, kunne arbeide sjølvstendig, ha serviceinnstilling og samarbeidsevner. Du må også vere nøyaktig og kunne takle eit høgt arbeidstempo og uforutsette hendingar.

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt. 

Vi tilbyr

-godt arbeidsmiljø
-god internopplæring i arbeidsoppgåvene
-lønn etter utdanning og kvalifikasjonar
-god pensjonsordning
-variert og innhaldsrik arbeidskvardag

Kontaktinformasjon

Elsa Ommedal, Seksjonsleiar, 91744350, elsa.ommedal@volda.kommune.no

Steffen Myklebust, Kommuneoverlege, +47 97084375, steffen.myklebust@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Grøddesvegen 8

6763 Hornindal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune


Referansenr.: 4937699862

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 06.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Grøddesvegen 8, 6763 Hornindal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
399388374
Sist endret
24. mars 2025 07:53