Lærar - vikariat
- Arbeidsgiver
- Torvmyrane skule
- Stillingstittel
- Lærar, vikariat med moglegheit for forlenging eller fast stilling
- Frist
- 06.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vil du prøve deg som Torvmyring? Ledig vikariat lærar 100 % skuleåret 2025-2026, med moglegheit for forlenging eller fast stilling.
Torvmyrane skule er ein mangfaldig organisasjon som inneheld 5 avdelings barnehage for barn i alderen 1-5 år, 1-7 skule, innføringsklasse for fleirspråklege barn og SFO. Vi strekker oss langt for å oppretthalde ein samla organisasjon, og set trivsel, samspel og meistringsopplevingar i høgsetet. Vi leikar og lærer inne som ute- og på tvers av alder, fag og skostorleikar. Omlag 250 barn og 60 vaksne deler kvardag og fest tett på Brandsøyåsen og 3 km frå sentrum.Arbeidsoppgåver
Undervisning 1-7.trinn, ordinær klasse eller Innføringsklasse. Kontaktlærarfunksjon kan leggast til stillinga.
Kvalifikasjonar
Grunnskulelærar 1-7 med undervisningskompetanse i norsk,engelsk, matematikk. Fagynskje elles: kroppsøving, musikk.Personlege eigenskapar
Vi ønsker deg som trivast blant både små og store, og som har humør og engasjement i arbeidet med å skape gode utviklingsvilkår barn. Du set barnet i fokus. Du er allsidig, fleksibel og toler at planar endrast på kort tid. Du kvir deg ikkje for å ta på deg ansvarsoppgåver for fellesskapen. Du er nysgjerrig, utprøvande og oppteken av di eiga læring og utvikling. Du trivast og held hovudet kaldt når det kokar. Du er ein varm og tydeleg klasseleiar og kommuniserer godt med barn, foreldre og kollega.
Vi tilbyr
Mange spennande og givande oppgåver med meining.
Eit fagfellesskap med fokus på utvikling og trivsel i alle ledd.
Eit suverent kollegie som kvar dag bidreg til eit arbeidsmiljø i særklasse.
Løn etter tariff
Kompetanselønn
Pensjon og forsikringar i SPK
Kontaktinformasjon
Sissel Karin Bergkvam Østrem, Rektor Torvmyrane skule, +47 48037689, sissel.ostrem@kinn.kommune.noArbeidsstad
Torvmyra 26908 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4927102240
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 06.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Torvmyra 2, 6908 Florø
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
- FINN-kode
- 399410926
- Sist endret
- 24. mars 2025 11:16
Mer som dette
