Fagleiar - vatn og avløp forvaltning
- Arbeidsgiver
- Alver kommune
- Stillingstittel
- Fagleiar VA
- Frist
- 07.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Tenesteområdet Eigedomsforvaltning søkjer ein engasjert og kompetent VA-ingeniør til å leie og utvikle fagmiljøet vårt som fagleiar innan vatn- og avløpsfaget. Som fagleiar vil du ha ei sentral rolle i planlegging, prosjektering og gjennomføring av alle VA-relaterte oppgåver. Du vil samarbeide tett med andre avdelingar for å sikre heilskaplege og berekraftige løysingar. Stillinga rapporterer til avdelingsleiar for veg, vatn og avløp forvaltning.
Alver er ein kommune med mykje flott natur, gode lokalsamfunn og er ein kommune i stor utvikling. I Alver kan du bu både landleg eller meir urbant, og kanskje kan denne stillinga sikra deg kortare veg til jobben utan lange bilkøar?
Foran oss ligg mange spennande oppgåver for å sikra at alle innbyggjarane våre har eit trygt og godt drikkevatn, og samtidig å sikra gode, miljøvennlege løysingar for avløp.
Om avdelinga
Avdeling for veg og VA forvaltning er ei av fire avdelingar under tenesteområde Eigedomsforvaltning. Føremålet med avdelinga er å sikre planlegging, vedlikehald og utvikling av all kommunal infrastruktur, slik at alle innbyggjarane i kommunen har trygt drikkevatn, avløp blir handtert utan forureining, og vegnettet er trygt å ferdast på. Avdelinga består i dag av 8 rådgjevarstillingar, i tillegg til avdelingsleiar.
Vi sit i moderne kontor på Frekhaug kommunehus. Her er det gangavstand til bussterminal og hurtigbåt til Bergen. Vi sit samla med andre tekniske fag og planfag. Saman skaper vi eit sterkt fagmiljø.
Ansvar og arbeidsoppgåver
I rolla vil du ha det overordna faglege ansvaret for VA, der du vil spele ei sentral rolle i styringa og utviklinga av avdelinga. I samråd med avdelingsleiar vil du følgje opp og koordinere forvaltningsoppgåvene innan vatn- og avløpsanlegga i kommunen. Det inneber blant anna å følgje opp innbyggjarar, næringsliv og private utbyggjarar, samt utbygging og VA som skal overtakast til kommunal drift og vedlikehald.
Andre relevante oppgåver vil vera:
- Å sikre fagleg kvalitet på avdelinga gjennom godkjenning av saker
- Godkjenning og oppfølging av VA-tekniske planar
- Å utarbeide planar for vedlikehald og investeringar i leidningsnetta
- Å følgje opp og oppdatere temaplan VA
- Å følgje opp offentleg anskaffing og rammeavtalar innan VA-faget
- Å bidra til kompetanseutvikling innan fagområdet
- Andre arbeidsoppgåver som fell naturleg inn under avdelinga og tenesteområdet
Din rolle
Vi søkjer deg som har erfaring innan VA, gjerne frå offentleg sektor. Du er løysingsorientert, og motivert til å vidareutvikle VA-faget i Alver kommune.
Vidare ser vi føre oss at du:
- Har høgare utdanning innan VA, relevant erfaring kan kompensere for utdanning
- Har kjennskap til gjeldande lovar og forskrifter
- Er motivert, målretta, sjølvstendig, og har god gjennomføringsevne
- Trivst med samarbeid, og vil vere ein god lagspelar for kollegaer
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Har førarkort klasse B
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Kva kan vi tilby deg?
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver som gjer ein forskjell for lokalsamfunnet
- Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med høg kompetanse, og fokus på trivsel, samarbeid og kompetansedeling
- Moglegheit for heimekontor etter gjeldande retningslinjer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Fleksitidsordning
- Lønn etter avtale
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Havnevegen 41A (Kommunehuset på Frekhaug), 5918 Frekhaug
- Stillingsfunksjon
- Ingeniør, Konsulent, Rådgivning
- FINN-kode
- 399417825
- Sist endret
- 24. mars 2025 10:52