Klinikksjef Volda sjukehus

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Klinikksjef Volda sjukehus
Frist
07.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Volda sjukehus er lokalsjukehus for kommunane på søre Sunnmøre og dekkjer eit nedslagsfelt med omlag 50 000 innbyggjarar i tillegg til pasientar frå nordre delar av Vestland fylke. Volda sjukehus er ein del av Helse Møre og Romsdal HF og har tett samarbeid med dei andre sjukehusa i fylket. Sjukehuset har om lag 500 tilsette og det er vaktfunksjon innan medisin, kirurgi, ortopedi, gynekologi, anestesi og radiologi. I tillegg til desse fagområda er distriktspsykiatrisk senter (DPS) med poliklinikk og sengepost og ein barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) lokalisert i Volda.

Vil du leie klinikk Volda og vere med å utvikle helsevesenet for framtida?

I Volda er vi kjende for engasjement for pasientomsorg, innovasjon og fagleg utvikling. Klinikksjefen er leiar for seksjonsleiarane og to rådgjevarar. Klinikksjefen utgjer saman med administrerande direktør, dei andre klinikksjefane og stabsdirektørane føretaksleiinga i Helse Møre og Romsdal. Føretaksleiinga har eit heilskapleg ansvar for helseføretaket sine visjonar og verdigrunnlag, ansvar for mål og samla oppdrag med måloppnåing innanfor dei økonomiske rammene.  

Vi ser etter ein ambassadør for helseføretaket sine kjerneverdiar; tryggleik, kvalitet og respekt som evnar å jobbe strategisk for at klinikken og helseføretaket kan møte morgondagens krav, rammer og forventingar til spesialisthelsetenesta.


Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for dagleg drift og leiing av klinikken
  • Sikre høg kvalitet på pasientbehandling og helsetenester
  • Personalansvar, inkludert rekruttering, opplæring og utvikling av seksjonsleiarar og stabstilsette
  • Budsjett- og økonomistyring
  • Strategisk planlegging og utvikling av klinikken sine tenester
  • Samarbeid med andre klinikkar i HMR, i føretaksleiinga og med eksterne offentlege og private aktørar
  • Bidra til felles utvikling av helsetenestene i fylket saman med resten av føretaksleiinga

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg utdanning på masternivå eller tilsvarande. Du kan gjerne vere lege, men det er ikkje eit krav. Lang erfaring og anna kompetanse kan gi unntak frå utdanningskravet.
  • Fleire år erfaring frå leiing, gjerne frå spesialisthelsetenesta eller anna offentleg verksemd. Utdanning og/eller konkret erfaring innan endringsleiing og omstilling er ynskjeleg, men ikkje eit krav
  • God økonomisk forståing, dokumentert ved erfaring eller utdanning
  • Erfaring med både strategi, utvikling og drift
  • Gode kommunikasjonsevner med god språkkunskap der du meistrar begge målformer på norsk
og endringsleiing

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarleg, tenkjer heilskapleg og er van med å løyse samansette problemstillingar
  • Du kan å inspirere andre og evnar å få til utvikling gjennom å leie andre
  • Du er nytenkande på områda organisasjon, arbeidsprosessar, digitalisering, teknologi og fag
  • Du evner å involvere, lytte til, samarbeide med og bygge opp dei ulike fagmiljøa i eigen organisasjon, i tett samarbeid med eiga leiargruppe
  • Du evnar å gjennomføre medverknad i vanskelege avgjerder og gjennomføre dei
  • Du evnar å sjå moglegheiter til forbetringar i sjukehusdrifta slik at føretaket oppnår å hauste gevinstar i driftsforbetringar som resultat av større investeringar i areal og teknologi

Personleg eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Du vil få ei sentral rolle i utviklinga av spesialisthelsetenestene til det beste for innbyggarane i Møre og Romsdal
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid og ein inkluderande arbeidsplass
  • Vi inviterer deg inn i eit stimulerande arbeidsmiljø, med gode moglegheiter for å utvikle deg som leiar
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det vert lagt til rette for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsettelse, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.

Kontaktinformasjon

Olav Terje Lødemel, Administrerande direktør, olav.terje.lodemel@helse-mr.no

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1

6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4855289236

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 07.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
399424622
Sist endret
24. mars 2025 12:10