Tannhelsesekretær ved Ålesund kompetanseklinikk

Arbeidsgiver
Ålesund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Tannhelsesekretær ved Ålesund kompetanseklinikk
Frist
07.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig 2 faste 100% stillingar som tannhelsesekretær ved Ålesund kompetanseklinikk.

Ålesund kompetanseklinikk er ein av landets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar i sentrum av Ålesund (Kremmergården). Klinikken har 13 000 pasientar og 40 tilsette, og fungerer også som henvisningspraksis for dei andre offentlege tannklinikkane i Ålesundsregionen.


Arbeidsoppgåver

  • Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar.  
  • Hygieneansvar og smittevernoppgåver. 
  • Administrative oppgåver knytte til timebestillingar, journalsystem og pasientkontakt. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.
  • Søkarar utan autorisasjon kan bli vurdert for tilsetting i stilling som assistent (st.kode 6572) dersom vi ikkje har kvalifiserte kandidatar med gyldig autorisasjon som tannhelsesekretær.
  • God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg.
  • Den som blir tilsett må levere politiattest.
  • Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.  

Personlege eigenskapar

  • Trivst med å jobbe med og for mennesker.
  • Jobbar effektivt og sjølvstendig.
  • God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert.
  • Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø. 

Vi tilbyr

  • Ein god jobb der du kan utvikle deg 
  • Lønn etter tariffavtale
  • Topp moderne tannklinikk 
  • Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse 
  • Trivelege medarbeidarar og godt miljø 
  • Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer 
  • Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg 
  • Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)

Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest

Kontaktinformasjon

Karoline Stølen, 45003 Klinikkleder, 99748938

Are Kristoffer Hjeltnes, Overtannlege Ålesund kompetanseregion , 92045001

Arbeidsstad

Notenesgata 6

6002 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune


Referansenr.: 4940650435

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 07.04.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Notenesgata 6, 6002 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsesekretær, Helsepersonell / Tannhelse
FINN-kode
399432483
Sist endret
24. mars 2025 01:56