Slåtthaug videregående skole ligg i naturskjønne omgivnader nær Nesttun sentrum. Det er kort veg til buss- og bybanestopp, og vi har Fana Arena og Slåtthaug kunstisbane rett i nærleiken. Skolen har ca 550
elevar fordelt på utdanningsprogramma BA,EL, HO, TIF og påbygging til generell studiekompetanse. Vi har eit mangfaldig elevmiljø og engasjerte tilsette. Her ser vi på alle
utdanningsvegar som likeverdige, og er opptatte av at elevane skal oppleve trygg, aktiv læring i alle
klasserom og verkstader. Vi søkjer to lærarar til årsvikariat i høvesvis ca. 50% programfag på vg1 helse- og oppvekstfag og ca. 60% programfag på vg2 helsearbeidarfag med tilsetting frå
01.08.2025.
Arbeidsoppgåver
Undervisning i programfag innanfor vg1 helse- og oppvekstfag. og vg2 helsearbeidarfag.
Kvalifikasjonar
Relevant helsefagleg utdanning og pedagogisk utdanningDet er ønskjeleg med undervisningserfaring
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
God kommunikasjons- og samarbeidsevner
God digital kompetanse og kjennskap til pedagogiske verktøy
Personlege eigenskapar
Du likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell.
Du har ei positiv innstilling og skaper gode relasjonar.
Du er ein trygg og tydeleg klasseleiar.
Du har positive forventningar til elevane og tilpassar undervisninga til deira behov.
Du er ein god lagspelar og deler av kunnskapen din.
Du arbeider strukturert og systematisk.
Vi tilbyr
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Tett kollegasamarbeid og god delingskultur
Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap
Kontaktinformasjon
Magnhild Hakestad, rektor , 55140412, magnhild.hakestad@vlfk.no
Ann-Kristin Nilsen, Avdelingsleiar, 55140414, ann-kristin.nilsen@vlfk.no
Wenche Narum, førstekonsulent, 55140410, wenche.narum@vlfk.no
Arbeidsstad
Slåtthaugvegen 134
5222 Nesttun
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4941644595
Stillingsprosent: 50, 60%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 06.04.2025