
Spesialpedagog
- Arbeidsgiver
- Folkestad barnehage
- Stillingstittel
- Spesialpedagog
- Frist
- 07.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Me i Folkestad barnehage søkjer etter ein engasjera, fleksibel og positiv medarbeidar. Me har fokus på gode kvardager for barn og tilsette.
Folkestad barnehage er ein 4 avdelings barnehage der 2 avdelingar er småbarnsavdelingar (0-2år), mellomavdeling (3-4år) og ei stor barn avdeling (4-5år). Barnehagen er omgitt av flott natur, der me har skog og fin leikeplass inngjerda i barnehagen og fine turområder utanfor gjerdet med gapahuk i Folkestad skogen.
Barnehagen jobbar med Tryggehetssirkelen (COS-P). Dette er ei satsing gjennom Regional kompetanseheving, der USN er faginnstansen. Satsingsområdet er leik.
Ynskjer du å vera ein del av vårt gode arbeidsmiljø og bidra til vidare utvikling av barnehagen, ynskjer me å høyre frå deg.
På grunn av interne prosessar, kan det bli endringar i tilsettingsbehovet for den utlyste stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere det spesialpedagogiske arbeidet for barn med vedtak
- Jobbe med språkgrupper
- Observere barnegrupper og veilede personalet
- Vere ein god støtte til pedagogisk leiar.
- Delta i leik og aktivitetar med barn samt praktiske gjeremål på avdelinga
- Bidra til eit godt foreldresamarbeid
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø gjennom å vere positiv, tydelig og raus
- Du må vere modig på barns vegne, så dei føler seg sett, hørt og anerkjent
- Skape eit godt leike- og læringsmiljø for barna
- Holde deg faglig oppdatert
- Vere ein god rollemodell for dine kolleger og barna
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Bachelor i spesialpedagogikk
- Ved mangel på kvalifisera søkjarar vil andre med relevant utdanning bli vurdert
- Gode ferdigheitar i norsk, både skriftleg og muntleg
Ønska kompetans
- Erfaring fra barnehage
- Gode digitale ferdigheter
- Evt. anna relevant kompetanse
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Barnehageloven § 30, Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
- Evne til inntonig i samspel med barn og vaksne.
- Du er god til å etablere nær tilknytning og trygg relasjon med barn
- Du er varm og sensitiv voksen og likar å vere i leik og aktivitet uansett vær
- Du er faglig sterk og reflektert rundt eigen praksis
- Positiv og fleksibel
- Handlekraftig og løysingsorientert
- Evne til å reflektere kritisk over eigen praksis, og eit ønske om faglig utvikling
- Du må vere nysgjerrig og like utfordringar.
- Aktiv og positiv bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø.
- Evne til å mestre ein hektisk kvardag.
Vi legg stor vekt på at søkjarane er personleg eigna.
Vi tilbyr
- Utviklingsorientera barnehage med dyktige tilsette.
- Fokus på helsefremmande arbeidsmiljø og skape trivsel på arbeidsplassen.
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju
Kontaktinformasjon
Tone Forberg, Styrar, +47 95871091Arbeidsstad
Hellåsen 23804 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 4942392694
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.06.2025
Sluttdato: 06.03.2026
Søknadsfrist: 07.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Hellåsen 2, 3804 Bø i Telemark
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 399542333
- Sist endret
- 25. mars 2025 06:28
Mer som dette

