Kontaktperson

Arbeidsgiver
Nome og Midt-Telemark barnevern
Stillingstittel
Kontaktperson - fast
Frist
07.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du lyst til å bidra til gode oppvekstvilkår for barn og unge i Nome og Midt-Telemark kommune? Er du ein trygg vaksen, flink til å bygge relasjonar, tillitsskapande og lett til å komme i dialog med både barn og vaksne? Om du i tillegg trivast i ein hektisk og variert arbeidskvardag, likar kombinasjonen av brukarkontakt og saksbehandling, er kreativ, engasjert og har godt humør, er det nettopp deg vi søkjer. For å trivast hos oss må du like å jobbe i team, vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner.

Barneverntenesten har stort fokus på barns medverknad, kvalitet i arbeidet og fagutvikling. Vi er opptatt av tillit, samarbeid og kontinuitet for dei familiane og samarbeidspartnarane som er i kontakt med oss. Dette ser vi på som viktige faktorar for å få til eit nødvendig og godt endringsarbeid.

Nome og Midt-Telemark barnevern er ein felles barnevernteneste for kommunane Nome og Midt-Telemark. Tenesten har sine lokale i Bø. Barneverntenesten er organisert i to avdelingar, der det arbeidast med undersøking, tiltak, fosterheim og ettervern. Arbeidsoppgåvene er mange og varierte. Det er for tida 26 tilsette i tenesta.

Nome og Midt-Telemark barnevern kan tilby deg ein meiningsfull og betydningsfull arbeidskvardag, med gode faglege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø. Tenesten har stort fokus på fagleg utvikling, både på systemnivå og for den enkelte. Det tilretteleggast for at alle skal oppleve meistring og få utviklingsmoglegheiter som styrker den enkelte, og utvidar vår faglege kompetanse.

Nome og Midt-Telemark barnevern satsar på kompetanseutvikling hos alle tilsette, både individuelt og på systemnivå, og er ein del av eit læringsnettverk. Der arbeidast det mellom anna med kompetanseutvikling på fosterheimsområdet. Tenesten har som ein del av læringsnettverket, også eit ressursteam. Dette består av miljøterapeutar og psykolog.

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling etter Lov om barnevern, i tråd med forskrifter, veiledere, rutinar og avtalar.
  • Saksbehandling - herunder ansvar for framdrift i sak, kvalitet og dokumentasjon.
  • Arbeid i tråd med barneverntenesta sin internkontroll, mål og fokusområde.
  • Halde seg fagleg oppdatert.
  • Partsrepresentant i barnevern- og helsenemnda.
  • Vere bidragsytar i fagleg utviklingsarbeid i tenesta.

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Barnevernspedagog, sosionom eller anna relevant utdanning på minimum bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for grunnutdanningskrav.
  • Du må ha god muntleg og skriftleg framstillingsevne og kunne takle ein hektisk kvardag.

Ønska kompetanse

  • Gode digitale ferdigheiter
  • Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
  • Ønskjeleg med erfaring frå barnevernsfeltet
  • Relevant vidareutdanning

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Barnevernsloven § 12-11 Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Førarkort kl. B
  • Fordel å disponere egen bil, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Er omstillingsdyktig og fleksibel
  • Du må vere opptatt av barns medverknad og ha haldningar som representerer dette
  • Du må ha gode samarbeidsevner
  • Er ein lagspelar til eit godt arbeidsmiljø, saman med dine kollegaer og dine leiarar.
  • Er løysingsorientert og endringsvillig, og trivst med tidvis høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver.

Personleg eignaheit vil bli vurdert spesielt og utgjere ein sentral faktor for tilsetting.

Vi tilbyr

  • Givande arbeid i eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • God opplæring med fadderordning
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Fleksibel og variert arbeidskvardag
  • Fleire sosiale tiltak for å byggje opp under eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid (kjernetid frå 09.00-14.00)
  • Ein arbeidsstad opptatt av fagutvikling
  • Fast veiledning for nytilsette
  • Engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Anne Storhaug, Einingsleiar, +47 91852855

Arbeidssted

Gvarvgata 45

3810 Gvarv

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Midt-Telemark kommune


Referansenr.: 4935763176

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 08.06.2025

Søknadsfrist: 07.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Gvarvgata 45, 3810 Gvarv
Stillingsfunksjon
Omsorg og sosialt arbeid, Barnevernspedagog, Annet
FINN-kode
399550661
Sist endret
25. mars 2025 07:21