Vikariat som fagleiar for Skjerma avdeling, Bø sjukeheim.
- Arbeidsgiver
- Bø sjukeheim Løvlund, Midt-Telemark kommune
- Stillingstittel
- Fagleiar - vikariat
- Frist
- 07.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Bø sjukeheim, avd. Løvlund er ei avdeling for mennesker med diagnosen demens.
Som fagleiar hos oss vil du få delegert eit breit spekter av arbeidsoppgåver og ansvar og du vil ha eit tett samarbeid med avdelingsleiar. Vi treng deg som er effektiv, god på samarbeid og du må vere interessert i utviklingsarbeid med fokus på kvalitet for pasientane.
Tverrfagleg samarbeid er ein viktig del av arbeidet ved Bø sjukeheim. Vi kan tilby ein arbeidsplass som er fagleg urfordrande, kor vi setter fagkompetanse, pasientsikkerhet og kvalitetsutvikling i fokus. Høyrest det fristande ut, er du hjarteleg velkommen som arbeidssøkar hos oss.
Som fagleiar vil du arbeide på dagtid og arbeidstida vil vere frå kl 07.30 - 15.00. Vikariatet er ledig frå d.d, oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Som fagleiar vil du ha ansvar for:
- Turnusplanlegging og dagleg drift
- Fagutvikling og sertifisering
- Medisinsk teknisk utstyr og helseteknologi
- Opplæring/veiledning av (ny)tilsette
- Journalansvarleg
- Rutinar: rekvidere og legge inn i Compilo
- Lærlingar, praksiselevar og studentar
- Diverse merkantile oppgåver
- Stedsfortrederansvar for avdelingsleiar
- Koordinering av rulleringspasientar
- Samarbeid med frivilligheit
- Inkludering og samarbeid med pårørande
- Oversikt i EPJ-system og profil
- Avvikshandtering i profil EPJ
- Inn- og utskrivingsprosessar, i samarbeid med sjukepleiarar/vernepleiarar og tenestekontoret
- Andre oppgåver må påregnast
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sykepleiar
Ønska kompetanse
- Leiarerfaring eller motivasjon til å vere leiar
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Erfaring med turnusplanlegging er en fordel
- Gjerne kjennskap til Profil EPJ, Visma ressursstyring, Compilo
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
- Effektiv
- Er sjølvstendig og evner å ta avgjersler
- God relasjonskompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid
- Gode kommunikasjonsferdigheter
- Fleksibel og omstillingsdyktig
- Løysningsorientert, taklar stress godt
- Interesse for sjukdomen demens
- Omstillingsdyktig, blid og positiv
Personlege egenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Leslie Katrien Vicky Van Der Voorde, Avdelingsleiar, +47 48126707Arbeidssted
Gamleveg 433802 Bø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 4943266847
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.05.2025
Sluttdato: 30.09.2026
Søknadsfrist: 07.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Gamleveg 43, 3802 Bø i Telemark
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 399558962
- Sist endret
- 25. mars 2025 08:07
Mer som dette

