Sjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Medisinsk sengepost 2 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Frist
- 08.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vil du vere med i eit fagleg sterkt og innovativt miljø? Vi ved seksjon for medisinsk sengepost 2 på Ålesund sjukehus søkjer sjukepleiarar til vårt team!
Om oss:
Medisinsk avdeling post 2 er ein heildøgns sengepost med 24 senger. Fagområda våre inkluderer nefrologi, endokrinologi, infeksjon og gastroenterologi, i tillegg til å ta imot pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar. Vi har eit tett samarbeid mellom ulike fagfelt og yrkesgrupper, og arbeider nært saman med medisinske poliklinikkar. Du vil få varierte og spanande arbeidsoppgåver i eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø.
For nytilsette tilbyr vi eit solid opplæringsprogram, inkludert fadderordning, og moglegheit til å spesialisere deg innan eitt av fagområda. Du vil jobbe tett saman med sjukepleiarar og helsefagarbeidarar,
Vi legg særleg vekt på fagleg utvikling og innovasjon på avdelinga, med fokus på nytenking og utvikling av framtidas helseteneste. Dei siste to åra har avdelinga arbeidd med fleire innovasjonsprosjekt, mellom anna heimesjukehus med intravenøs antibiotika, heimeovervaking med sensorteknologi, og utvikling av utstyr til sentralt venekateter. Vi har også «framtidas pasientrom» på avdelinga der vi testar ut ny sensor – og velferdsteknologi. Dei tre fagområda har fagsjukepleiarar med 10% stilling knytt til fagutvikling.
Turnus og fleksibilitet:
Vi tilbyr fleksibel turnusordning med høve til å velje mellom arbeid kvar 3. helg (A/D) eller kvar 4. helg med 12-timers vakter, noko som gir betre balanse mellom jobb og fritid. Avdelinga vektlegg også ein helsefremjande turnus med minimal A/D-vaktbelastning. Det finst moglegheiter for å kombinere fast stilling med vikariat for høgare stillingsprosent, samt moglegheit for rein nattevaktsstilling.
Vi har også ledig stilling som sjukepleiar i funksjonen som assisterande seksjonsleiar. Om du har spørsmål rundt kva arbeidsoppgåver dette inneber kan du ta kontakt med seksjonsleiar. Det er ønskeleg at du spesifiserer kva for ei stilling du søker på.
Andre stillingar kan verte ledig ved interne rokkeringar.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Observasjon og behandling av pasientar i akutt sjukdomsfase og kroniske forløp
- Dekke pasienten sine grunnleggjande behov
- Førebygging av komplikasjonar og ivaretaking av pasientsikkerheit
- Gi forsvarleg medisinsk behandling og sjukepleie
- Utøving av god omsorg til pasient og pårørande
- Bidra til fagutvikling i avdelinga
- Bidra aktivt i avdelinga sitt forbetringsarbeid
- Koordinere tenester i pasientbehandlinga både internt og eksternt
- Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningslinjer
- Studentrettleiing (dersom du er nyutdanna, så har du ikkje veiledaransvar før du har jobba eitt år)
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- 3 års sjukepleiestudentar kan også bli vurdert
- Eignaheit, endringskompetanse og stabilitet vektleggast
- God etisk praksis, både i samhandling med pasientar og i samarbeid med kollegaer
- Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg, evt anna skandinavisk språk
- Fagleg dyktigheit og fleksibilitet i forhold til oppgåver
Personlege eigenskapar
- Positiv og fleksibel
- Vilje til å sikre eit godt arbeidsmiljø på alle nivå
- Fagleg engasjert
- Teamorientert
- God kommunikasjon og samhandling
- Evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og strukturert
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Marthe Louise Rekdal Farstad, Seksjonsleiar, 70105792, marthe.farstad@helse-mr.noArbeidssted
Åsebøen6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4940937926
Stillingsprosent: 100, 75%
Vikariat
Startdato: 22.04.2025
Sluttdato: 31.03.2026
Søknadsfrist: 08.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Åsebøen, 6017 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 399561574
- Sist endret
- 25. mars 2025 08:14
Mer som dette
