Sommarvikariat radiograf/radiografstudent

Arbeidsgiver
Radiologisk seksjon LSH, Helse Førde
Stillingstittel
Sommarvikariat radiograf/radiografstudent
Frist
08.04.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Radiologisk seksjon, Lærdal sjukehus har ledig 100% sommarvikariat.

Er du glad i fjord, fjell og fantastiske naturopplevingar, og ønskjer å arbeide saman med ein triveleg og sosial gjeng ved Radiologisk avdeling, seksjon i Lærdal?

Då kan dette vere jobben for deg!
Vi kan tilby ein arbeidsplass som har stort fokus på godt arbeidsmiljø, god pasienthandsaming og høg
kvalitet på tenestene våre. Her er det høgt under taket, med mykje latter og humor.

Seksjon Lærdal har
ein CT, ein MR, to konvensjonelle røntgenlabbar, ein UL, og eit transportabelt røntgenapparat. Eininga
består av sju radiografar, ein radiolog i stafett og to sekretærar. Radiologisk seksjon, Lærdal sjukehus er
ein av tre seksjonar i Radiologisk avdeling Helse Førde. Dei andre seksjonane er lokalisert ved Førde
sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus


Arbeidsoppgåver

  • Førebuing og gjennomføring av undersøkingar ved konvensjonell røntgen, og eventuelt CT
  • Tilrettelegge og assistere radiolog på ultralyd
  • Samarbeide med andre profesjonar og einingar  
  • Ta del i oppgåver som til ei kvar tid ligg til avdelinga 
  • God pasienthandsaming. 
  • Arbeid på dagtid mandag-fredag: kl. 08.00-15.30

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som radiograf, eller radiografstudent
  • Meistre norsk godt, både skrifteleg og munnleg 
  • Gode  IKT-kunnskapar 

Personlege eigenskapar

  • Godt humør og positiv innstilling
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
  • Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst 
  • Fagleg engasjert og interessert 
  • Initiativrik og handlekraftig 
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø 
  • Arbeider godt i team

Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb med moglegheit for utvikling
  • Gode kollegaer med mykje latter og humor 
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Tilpassa opplæring 
  • Sjukehuset har eigne bustadar for utleige

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kathrine Søraa Kilen, Seksjonsleiar, (+47) 934 45 067

Arbeidssted

Sjukehusvegen 9

6887 Lærdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde


Referansenr.: 4943438434

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 16.06.2025

Sluttdato: 17.08.2025

Søknadsfrist: 08.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Radiograf, Annet
FINN-kode
399566549
Sist endret
25. mars 2025 09:32