Har du lyst på jobb ved Helland ungdomsskule?
- Arbeidsgiver
- Vestnes kommune Helland ungdomsskule
- Stillingstittel
- Undervisningsstillinger
- Frist
- 27.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Stillingstype
Det er ledig inntil 4 undervisningsstillingar ved Helland ungdomsskule frå 01.08.2025. Kontaktlærar er ein naturleg tilleggsfunksjon i nokre av stillingane. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.
Helland ungdomsskule ligg i Tresfjord i Vestnes kommune, og er ei rein ungdomsskule med om lag 170 elevar.
Vestnes kommune ligg i sentralitetssone 5. Bur du i Vestnes, har studielån og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.
Arbeidsoppgåver
- jobbe for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
- undervisning og rettleiing av elevar
- motivere elevane til innsats for eiga læring
- tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
- samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
- rettleie elevar fagleg og sosialt
Kvalifikasjonar
-Følgande fag er av særleg interesse: Arbeidslivsfag, norsk og musikk- andre fagområde kan
også vere aktuelle
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på
nivå B2
- ha god kommunikasjonsevne
- digital kompetanse
- bidra til teamutvikling
- engasjert og fagleg dyktig
- det blir stilt krav om politiattest
- det vert stilt krav til allmennlærarutdanning eller tilsvarande pedagogisk utdanning
- personlege eigenskapar vil og bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
- har god kompetanse og erfaring med klasseleiing
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
- er løysingsfokusert og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
- kan jobbe tverrfagleg
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- ein arbeidsplass med fokus på utvikling
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- eit funksjonstillegg på 40.000kr/årleg for kontaktlærarar
- ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 4
- Sted
- Skulebakken 1, 6391 Tresfjord
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 399571108
- Sist endret
- 25. mars 2025 09:55