Førsteamanuensis - 20 % ekstraerverv i medisin (endokrin molekylær genetikk)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Førsteamanuensis - 20 % ekstraerverv i medisin (endokrin molekylær genetikk)
Frist
21.04.2025

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-w
Førsteamanuensis (20% ekstraervev) i medisin (endokrin molekylær genetikk)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2 (K2)er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % ekstraerverv «bistilling») i medisin (endokrin molekylær genetikk) i 2 år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast hovudstilling (minimum 50 %) ved Avdeling for Medisinsk Genetikk, Haukeland Universitetssykehus og finansieres via forskningsmidler fra Norges forskningsråd. Arbeidsstad er ved G20 gruppen ved K2. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor molekylære og genetiske studier ved endokrine tilstander og ulike endokrine karakteristika samt klinisk laboratoriegenetikk.

Den som vil vert tilsett skal ha høg kompetanse innafor molekylære og funksjonelle studiar av både monogene og komplekse endokrine tilstandar. Personen er venta å delta i og leie prosjekt med mål om å identifisere genetiske variantar og biologiske mekanismar med sterk påverking på fysisk vekst, vektutvikling og matvanar i barne- og ungdomsår, og dessutan respons på livsstil-intervensjonar. Denne kunnskapen skal så brukast til å betre forstå samband mellom vekst i dei tidlege fasane av livet og framtidig risiko for overvekt og diabetes. 


Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til genetikk og endokrinologi og den som vil vert tilsett skal ha høg kompetanse innanfor molekylære og funksjonelle studiar av både monogene og komplekse multifaktorielle endokrine tilstandar, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer deg som: 

  • har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse.
  • kan visa til omfattande forskingserfaring og publikasjonar innan endokrinologi, genetikk og cellebiologi.
  • har erfaring med studiar og funksjonelle analysar av genetiske variantar for å avgjera om desse kan ha betydning for mendelske og komplekse tilstandar.
  • har betydeleg erfaring med genetisk variantvurdering, både i forhold til medisinsk genetisk diagnostikk, men også i forhold til eksperimentell forsking.
  • har kompetanse motsvarande klinisk laboratoriegenetikarar, CLG (https://www.nshg.no/2017/11/15/utdanning-clinical-laboratory-geneticist/).
  • har betydeleg erfaring frå rettleiing av phd og masterkandidatar.

Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.  


Vi tilbyr:
  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt 
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn er for tida kr 745 000 – 770 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 770 000 – 805 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV, vitnemål og attestar
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden. 


Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til Stefan Johansson, G20, K2, email: stefan.johansson@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
399572631
Sist endret
25. mars 2025 10:01