Sentrumskoordinator

Arbeidsgiver
Herøy kommune, utvikling
Stillingstittel
Sentrumskoordinator
Frist
08.04.2025
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Brenn du for by- og sentrumsutvikling? Vil du vere med på å skape eit levande og attraktivt Fosnavåg sentrum? Vi søker ein initiativrik og engasjert sentrumskoordinator som skal vere bindeleddet mellom kommunen, handelsstanden og næringslivet. Du får ei sentral rolle i å utvikle samarbeid, initiere aktivitetar og styrke Fosnavåg som ein spanande destinasjon for innbyggarar, besøkande og næringsliv.

Dette er eit toårig prosjektarbeid, med moglegheit for vidare forlenging. Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast.

 


Arbeidsoppgåver

  • bygge sterke og varige samarbeid mellom kommunen, handelsstanden og næringslivet
  • sikre forankring og framdrift i samsvar med Utviklingsplan for Fosnavåg og andre kommunale planar
  • skape aktivitetar og nye møteplassar i sentrum for å gjere byen meir attraktiv
  • jobbe for ei varig løysing og vidare finansiering av stillinga
  • hjelpe handelsstanden med sentrumsutvikling, nyskaping og felles retning
  • arbeide aktivt for for å fylle tomme lokale og skape liv i byromma
  • profilere Fosnavåg som ein attraktiv stad for turisme, handel og arrangement
  • engasjere barn, unge og lokalsamfunnet i aktivitetar som styrker kultur og identitet
  • styrke omdømebygging og marknadsføring av Fosnavåg sentrum

Kvalifikasjonar

  • relevant utdanning på høgskulenivå
  • erfaring kan kompensere for høgare utdanning
  • fordel med erfaring innan byutvikling, marknadsføring, prosjektleiing eller liknande
  • erfaring med marknadsføring og god digital kompetanse

Personlege eigenskapar

  • trivst i ei oppsøkande og synleg rolle
  • er kreativ, ser moglegheiter og løyser utfordringar 
  • sterke kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er engasjert, handlekraftig og resultatorientert

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde i tilsettingsprosessen i tillegg til kompetanse og erfaring.

Vi tilbyr

  • ei spennande og variert stilling med høve til å skape reelle endringar
  • eit engasjert og kompetent fagmiljø 
  • konkurransedyktig løn etter avtale
  • pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
  • høve til å forme framtida til Fosnavåg sentrum

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. 

Søkarlista kan verte offentleggjort og og aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Ole Magne Rotevatn, Avdelingsleiar, +47 90974128

Arbeidsstad

Rådhusgata 5

6090 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune


Referansenr.: 4932148911

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Søknadsfrist: 08.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusgata 5, 6090 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Ledelse, Prosjektledelse, Koordinering
FINN-kode
399580904
Sist endret
25. mars 2025 10:19