100% fast stilling som fagleiar i Omsorgstenesta aust Bråvolltunet

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Bråvolltunet
Stillingstittel
100% fast stilling som fagleiar i Omsorgstenesta aust Bråvolltunet
Frist
08.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ledig fast stilling som fagleiar - stillingsstorleik 100 %

 

Arbeidsstad: Omsorgstenesta aust Bråvolltunet.

Pleie og omsorg aust er stasjonert i Kinsarvik og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både sjukeheim, dagtilbod, kjøkken og heimetenester. På kjøkkenet lager me mat til pasientane på
sjukeheimen og til pasientar som bur i heimen og ikkje klarer å lage mat sjølv.
Personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta. Sjukeheimen består av 18 plassar, der 2 er korttidsplasser. I heimetenesta yter me tenester til om lag 90 pasienter.


I Omsorgstenesta aust har me eit godt arbeidsmiljø, med eit fleirkulturelt miljø. Tenestene me utfører er mange og ulike , så me har ein innhaldsrik og spennande arbeidskvardag .
Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester , tenester som er tilpassa kvar enkelt.
No treng me ein fagleiar på laget, som skal arbeide tett med avdelingsleiarane og dei andre helsearbeiderane i tenesta.

Dersom dette høyres interessant ut, håper me at du søkjer. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat.
God opplæring vert gitt .

 

Arbeidsoppgåver:

  • Ha oversikt over hjelpebehovet til pasientane i heile tenesta
  • Ekstra ansvar for at me har oppdaterte og utfyllande dokumentasjon i journalsystemet vårt - Aidn
  • Ekstra ansvar for oversikt over at ulike arbeidsoppgåver vert utført
  • Ekstra ansvar for at IPLOS er oppdatert
  • Kjenne til og og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar, og vere med å lage og oppdatere desse
  • Tett samarbeid med pårørande
  • Bidra i arbeidet med opplæring av nytilsette
  • Oppfølging etter legevisitt
  • Legemiddelhåndtering og opplæring
  • Narkotikakontroll
  • Halde seg fagleg oppdatert
  • Utføra helse- og omsorgsoppgåver etter fagleg standard, og rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål
  • Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
  • Samarbeide og dela kompetanse på tvers av avdelingane
  • Vere med i arbeidet vårt med å nytte musikkbasert miljøbehandling og Touch and play.

 

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Personlege eigenskapar:
  • Gode samarbeidsevner
  • Endringsdyktig
  • Positiv
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Evner til nytenkning
  • Likar utfordringar
  • Tar initiativ og ansvar
  • Endringsdyktig
  • Fleksibel
  • Engasjert
  • Punktlig og strukturert
  • Gode kommunikkasjonsevner

 

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Spennande arbeid
  • Årsturnus , arbeid tredje kvar helg
  • Lønn etter hovudtariffavtalen
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Krav:

  • Politiattest jfr gjeldande lov
  • Krav til førarkort. Klasse B
  • Krav til B2 muntlig, skriftlig B1. Språkkunskaper kan og verte vurdert individuelt.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast
vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har
oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du
er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
399586658
Sist endret
25. mars 2025 10:45