Klinisk ernæringsfysiolog
- Arbeidsgiver
- Helse og omsorg
- Stillingstittel
- Klinisk ernæringsfysiolog
- Frist
- 07.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Er du klinisk ernæringsfysiolog og ønskjer å jobba i kommunesektoren?
Kvam herad lyser ut eit vikariat som klinisk ernæringsfysiolog frå 01.08.25 til 31.07.26. Stillinga er ein del av det interkommunale samarbeidet i Voss lokalsjukehusområde, som omfattar kommunane Kvam, Voss, Vaksdal, Eidfjord og Ulvik. Det er to klinisk ernæringsfysiologar i faste stillingar i regionen, og den utlyste stillinga er eit vikariat for ein av dei. Kvam herad er arbeidsgjevar, med helse og omsorgssjef som næraste leiar.
Som klinisk ernæringsfysiolog i regionen vert du sentral i det systematiske arbeidet som gjeld førebygging og behandling av ernæringsrelaterte tilstandar og sjukdomar. Klinisk ernæringsfysiolog vert ein viktig samarbeidspart i tverrfaglege team, både når det gjeld pasient- og pårørandeopplæring og pasientbehandling. Arbeidsoppgåver vil inkludera undervisning for og rettleiing av andre faggrupper i kommunane, i tillegg til fagutviklingsarbeid. Hovudmålgruppe for arbeidet kan variere med tid og mellom kommunane.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåver kan vera
- Bidra til å setja ernæring på dagsorden
- Legga til rette for å implementera systematisk ernæringsarbeid i kommunane
- Bidra til å auka ernæringsfagleg kompetanse i kommunane
- Tverrfagleg samarbeid i både kommunesektoren og andre sektorar
- Leia og drifta kommunane sine ernæringsnettverk
- Saksutgreiingar til politisk nivå
- Delta i og leia prosjektarbeid
- Ta initiativ til og bidra i søknadar på aktuelle tilskotsordningar
Stillingane inneber noko reising mellom kommunane i det interkommunale samarbeidet.
Kvalifikasjonar
- Klinisk ernæringsfysiolog med norsk autorisasjon
- Det er ønskjeleg med minimum 2 års relevant erfaring
- Evne og lyst til å samarbeida på tvers av fagområde
- Prosjekterfaring og høg grad av gjennomføringskraft
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Gode IKT-kunnskapar
- Førarkort klasse B
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som har:
- Evne til å arbeida sjølvstendig, strukturert og målretta
- Evne til å arbeida analytisk og systematisk
- Stor arbeidskapasitet, er fleksibel og motivert til fagleg utvikling
- Evne og interesse for kontinuerleg vidareutvikling av tenesta i nært samarbeid med leiinga, brukarar, pårørande og medarbeidarar
- Evne til å samarbeide tett med andre både praksisnært og gjennom fysisk distanse
- Gode kommunikasjons- og presentasjonsferdigheiter
- God evne til å forstå system og struktur, samt evne til individuell tilnærming
Vi tilbyr
- Godt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar og leiarar
- Spennande arbeidsfelt med varierte arbeidsoppgåver i ei framtidsretta teneste
- Høve til å utforma eigen arbeidsdag
- Lønn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Linn Kristin Øyri, Klinisk ernæringsfysiolog, 989 04 708Terje Langeland, Helse og omsorgssjef, +47 975 64 258
Arbeidsstad
Grovagjelet5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4940324626
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.08.2025
Søknadsfrist: 07.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Grovagjelet, 5600 Norheimsund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Rådgivning, Koordinering
- FINN-kode
- 399594605
- Sist endret
- 28. mars 2025 07:28
Mer som dette
