Sekretær/Helsesekretær

Arbeidsgiver
ØNH Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sekretær/Helsesekretær
Frist
21.04.2025

Beskrivelse

Vi søkjer etter tilkallingsvikar som sekretær på høyrselssentralen. Det kan også vere aktuelt å vere vikar i forbindelse med ferieavvikling.

Som sekretær har du ei viktig rolle for å få kvardagen til å gå opp i vår eining. Arbeidstaden er i ein travel ekspedisjon med mange forespurnader frå pasientar og stort trykk på telefonen. Vi søkjer deg som er positiv, fleksibel og engasjert. Du bør kunne jobbe sjølvstendig, men samtidig ha gode samarbeidsevner og vere ein medverkar til eitt godt arbeidsmiljø.

På høyrselssentralen er det tilsett 7 audiografar og to sekretærar. Høyrselssentralen er tilknytt ØNH seksjonen. Ålesund sjukehus.

Arbeidstid er i hovudsak dagtid. 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. 


Arbeidsoppgåver

  • Betjene ekspedisjon og besvare telefon
  • Registreringsoppgåver i elektronisk pasientjournal
  • Ventelistearbeid
  • Oppgjer og timeoppsett til poliklinikk-pasientar
  • Bestilling av pasientreiser
  • Bestilling av tolk ved behov
  • Post og skanning m.m.

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskjeleg med relevant erfaring
  • Autorisasjon som helsesekretær kan vere ein fordel, men ikkje eit krav
  • Gode datakunnskapar og interesse for IKT-verktøy
  • Fordel med kjennskap til Helseplattformen
  • Må mestre norsk språk; munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du yt god og profesjonell service til pasientar og samarbeidspartnarar
  • Du er endringsorientert og fleksibel
  • Du har gode samarbeidsevner i forhold til kollegaer og til samarbeidspartnarar på tvers
  • Du tar ansvar og er initiativrik
  • Du har evne til å handtere fleire ting samtidig
  • Du jobbar effektivt, systematisk og er god på å prioritere mellom arbeidsoppgåver
  • Du har høg arbeidskapasitet og er god på stresshandtering

Å vere personlege eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Monika Dahl Berget, Seksjonsleiar, +47 70105271

Henrikke Klokkehaug Overå, Teamkoordinator, +47 70105266

Arbeidssted

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4909875575

Stillingsprosent: 100%

Tilkalling/Timebasis

Søknadsfrist: 21.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsesekretær, Kontor og administrasjon
FINN-kode
399624831
Sist endret
25. mars 2025 01:55