Undervisningsstilling

Arbeidsgiver
Bryne ungdomsskule, Time kommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling
Frist
06.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum, i gåavstand frå buss-/togstasjonen. Me har om lag 325 elevar og 55 tilsette. Til neste år har me 4 parallellar på 8. og 10. trinn og 5 på 9. trinn.

Me er opptekne av at alle elevane og dei tilsette hos oss skal ha eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø. Visjonen vår er at alle elevane skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.


Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåvene er undervisning som legg til rette for fagleg og sosial læring for elevane våre. Du må lika å jobba i team både rundt klassar og rundt grupper av elevar. 

Kvalifikasjonar

  • Du må ha godkjent lærarutdanning med spansk i fagkretsen. Det er ønskeleg med fleire undervisningsfag i tillegg til spansk.
  • Du må vera ein god klasseleiar
  • Du må ha gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg
  • Du må ha digital kompetanse
  • Det er krav om politiattest til alle stillingar i skulen

Personlege eigenskapar

Du må vera glad i og lika å vera i lag med ungdom

Du må vera oppteken av at alle skal oppleva mestring og framgang både fagleg og sosialt

Du må ha stort fokus på inkludering

Du må trivast med samarbeid og med utvikling av eigen og andre sin praksis som lærar

Vi tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff
  • Gode og fagleg dyktige kollegaer og eit arbeidsmiljø som er prega av godt humør, samarbeid og samhald
  • Flotte elevar

Kontaktinformasjon

Iselin Gjære Lothe, Rektor, 91573539, iselin.gjaere.lothe@time.kommune.no

Arbeidsstad

Sveinsvollsvegen 5

4340 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune


Referansenr.: 4941765367

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.08.2025

Søknadsfrist: 06.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Sveinsvollsvegen 5, 4340 Bryne
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
399700714
Sist endret
26. mars 2025 07:05