Senioringeniør

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Senioringeniør
Frist
09.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Senioringeniør 

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling som senioringeniør (100 %). Stillinga er eksternt finansiert og for tida knytt til prosjektet Innovative Methods ved Bergen Centre for Ethics and Priority Setting in Health (BCEPS). Prosjektet har ei foreløpig finansiering på 8 år.


Arbeidsoppgåver:

Stillinga er ein programmerar-stilling med fagleg ansvar for den tekniske vidareutviklinga av FairChoices – DCP Analytics Tool. Dette er ein nett-applikasjon og analyseverktøy som vert brukt innan helseprioriteringar i lav- og middel-inntektsland, og FairChoices-prosjektet er heilt sentralt for gjennomføringa av viktige leveransar i BCEPS, som er eit senter for framifrå forsking ved fakultetet. Stillinga inneber utføring av følgjande arbeidsoppgåver:

  • Programmering/modellering i R, blant anna ved pakken «Shiny», i samband med vidareutvikling av FairChoices-software.
  • Internasjonalt samarbeid med forskingsgrupper ved utanlandske universitet og helsedepartement.
  • Utvikling av prioriterings- og visualiseringsverktøy basert på ideane til forskarane i BCEPS.

    Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha mastergrad innanfor relevant fagområde. Matematikk eller relaterte fagfelt er særleg relevant.
  • Praktisk erfaring:
    • Lang erfaring med programmering og modellering i forskingsmiljøa.
    • Internasjonalt samarbeid med leiande forskingsgrupper.
    • Arbeid i internasjonale team som arbeider på tvers av tidssoner.
    • Modellering og helseprioritering.
    • Omsetje komplekse forskingsidear til brukarvennlege og effektive verktøy for avgjerdstakarar.
    • Teoretisk og anvendt prioriteringsforsking i lav- og mellominntektsland.
    • Implementering av kompliserte nettapplikasjonar ved bruk av R-pakken Shiny. 
    • Erfaring med FairChoices-applikasjonen er ein fordel. 
  • Teknisk kompetanse:
    • Ekspertkompetanse innan:
      • R (inkludert modellering og dataanalyse).
      • Shiny (utvikling av interaktive applikasjonar).
      • GitHub (versjonshandtering og samarbeid).
      • Serverpublisering.
      • Kompetanse innan utvikling av avanserte matematiske modellar innan epidemiologi og demografi.

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter.
  • har høy grad av sjølvstende og initiativ.
  • har evne til å forstå og løyse komplekse problem som krev tverrfagleg samarbeid på tvers av tidssoner, kulturar og land.

Gode språkkunnskapar og evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk er eit krav.

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.


Vi tilbyr:
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Løn er for tida kr 680 000– 715 000 (kode 1181, med mastergrad). Løn er for tida kr 680 000 – 745 000 (kode 1181, med doktorgrad/ph.d.). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Følgjande premiss er lagt til grunn for stillinga som senioringeniør:

  • Senioringeniøren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under.
  • Lønsutgifter skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert.
  • Instituttleiar kan pålegge senioringeniøren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Kjell Arne Johansson, kjell.johansson@uib.no, +47-97191828.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Årstadveien 17, 5018 Bergen
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Utvikler (generell), Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Prosjektledelse
FINN-kode
399719965
Sist endret
26. mars 2025 07:20