Jordmor

Arbeidsgiver
Føde og barsel SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Jordmor
Frist
20.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Har du lyst på ein spanande, givande og fagleg utfordrande jobb på nytt sykehus? Velkomen til oss som jordmor på SNR, Hjelset!  

Vi har ledig to vikariat som jordmor med oppstart frå 1. juni. Vikariata er av 6 mnd varigheit med moglegheit for forlenging. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.

Føde/barsel SNR har årleg i overkant av 700 fødslar. Vi har eit godt arbeidsmiljø og eit godt tverrfagleg samarbeid. Vi ser fram til å flytte inn i det nye, topp moderne fellessjukehuset på Hjelset i april.

SNR Hjelset er eit av tre sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Føde/barsel SNR er plassert i Avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdommar, og er ein kombinert sengepost for føde og barsel. Vi er sertifisert som ei mor/barn vennleg avdeling (sist re-sertifisert i 2021), og arbeider etter retningslinene som ligg i "Eit trygt fødetilbod". Vi tilbyr ein-til-ein omsorg i aktiv fødsel, og tett oppfølging og ammerettleiing under barselopphaldet. Vi har familierom slik at begge foreldre kan bu saman under barseltida. Av smertelindring under fødsel tilbyr vi mellom anna jordmor tilstade under heile forløpet, massasje, akupunktur/akupressur, dusj/badekar, pudendalblokade og epiduralanalgesi. På poliklinikken har vi oppfølging både av gravide og barselkvinner etter tidleg heimreise.

Vi er eit tverrfagleg team i ulik alder og erfaringsgrunnlag, her kjem du til å passe godt inn enten du er nyutdanna eller erfaren!

Visste du dette om Molde?
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Arbeidsoppgåver

  • Kontinuerleg og heilskapeleg fødselsomsorg
  • Varierte jordmorfaglege oppgåver innanfor svangerskap, fødsel, barsel og gynekologi

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som jordmor
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
  • Det er ønskjeleg at du har meir enn 1 års erfaring frå fødeavdeling, men oppfordrar nyutdanna jordmødre til å søke

Personlege eigenskapar

  • Du er motivert for fagleg utvikling
  • Du er positiv, fleksibel og tilpassingsdyktig
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du arbeider sjølvstendig, men har samstundes evne til å arbeide tverrfagleg 
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • 3-delt turnus
  • Internundervisning og kurs
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din søknad

Kontaktinformasjon

Annelen Henriksen, Seksjonsleiar, +47 41514894

Arbeidsstad

Opdølvegen 2

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4942118149

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 20.04.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Opdølvegen 2, 6450 Hjelset
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
399767602
Sist endret
26. mars 2025 02:12