Ambulansearbeidar/Paramedisiner
- Arbeidsgiver
- Amb.stasjon Rauma/Vestnes, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Ambulansearbeidar/Paramedisiner
- Frist
- 30.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi vil gjerne ha deg med på laget vårt!
Seksjon Rauma og Vestnes har ledig 100% fast stilling for ambulansearbeidar/paramedisinar frå 01.06.25
Rauma ambulansestasjon ligg i naturskjønne omgjevnader i Isfjorden, Vestnes ambulansestasjon ligg i Vestnes sentrum med kort veg til sjø og vakre fjell og berre ein kort ferjetur til Molde. Stasjonen er samlokalisert med brannvesenet. Seksjon Rauma og Vestnes opererer med 2 døgnbilar i Rauma og 1 døgnbil i Vestnes. Seksjonen utfører om lag 2200 oppdrag per år. Arbeidsmiljøet er svært godt, og du vil få mange engasjerte og gode kollegaer. Det må påreknast å jobbe ved begge stasjonane.
Ved intern omrokkering kan anna stillingsprosent verte ledig.
Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserer den prehospitale aktiviteten i fylket. Bil-, båt- og luftambulansane, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser.
Er dette noko for deg, er du velkomen som søkjar på stillinga.
Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester!
Arbeidsoppgåver
- Samhandle med interne og eksterne aktørar i den akuttmedisinske kjeden etter oppdrag frå AMK
- Samarbeide i team og samarbeidsetatar
- Delta på undervisning og sertifiseringar
- Vedlikehald av faglege delegeringar som ligg til stillinga
- Interne arbeidsoppgåver på bil og stasjon
- Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som er gjeldande for Helseforetaket
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som ambulansearbeidar eller paramedisiner
- Søkjer med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdert
- Utrykningskurs gjennomført og dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160)
- Førarkort klasse C1
- Farmakologiutdanning tilsvarande 5 studiepoeng på høgskulenivå
- Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Ønskjeleg med Paramedic-utdanning eller motivasjon til å fullføre denne
- Bestått AMLS/PHTLS etter kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Politiattest kreves før tilsetting i stillinga, etter lov om helsepersonell §20a
- Fysisk og psykisk eigna; fysisk test før tilsetting og årleg resertifisering
Personlege eigenskapar
- Du kommuniserer tydeleg og respektfullt med pasientar og kollegaer
- Du har gode prioriteringsevner i nødsituasjoner
- Du er motivert, fleksibel og tilpasningsdyktig
- Du er omsorgsfull og tålmodig med pasientar og kollegaer
- Du har gode datakunnskapar
- Du har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du har gode fremstillingsevner i norsk både skriftleg og munnleg
- Du er fagleg engasjert, ansvarsbevisst, har pågangsmot, likar utfordringar og tar tak i daglige gjeremål
Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det vektlagt utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Nils Christian Hoel, Seksjonsleiar, +47 97 05 54 15, Nils.Christian.Hoel@helse-mr.noArbeidsstad
Grøvdalsvegen 326320 Isfjorden
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4944180225
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Grøvdalsvegen 32, 6320 Isfjorden
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 399776954
- Sist endret
- 26. mars 2025 03:56
Mer som dette

