Fast stilling som radiograf i turnus
- Arbeidsgiver
- Radiologisk seksjon LSH, Helse Førde
- Stillingstittel
- Fast stilling som radiograf
- Frist
- 09.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Radiologisk seksjon Lærdal sjukehus har ledig 100% fast stilling som radiograf.
Har du lyst til å bli vår nye kollega?
Seksjon Lærdal har ein CT, ein MR, to konvensjonelle røntgenlabbar, ein UL, og eit transportabelt røntgenapparat. Eininga består av sju radiografar, ein radiolog i stafett og tre sekretærar. Radiologisk seksjon, Lærdal sjukehus er ein av tre seksjonar i Radiologisk avdeling Helse Førde. Dei andre seksjonane er lokalisert ved Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus.
Her får du:
- Variert og spennende arbeidsoppgåver innan radiografifaget
- Tett samarbeid med ulikefaggrupper. (Radiografar, radiologar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar)
- Grundig opplæring tilpasset deg.
- Turnus med heimevaktsordning og arbeid kvar 6 helg.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- Ein arbeidsplass som har stort fokus på godt arbeidsmiljø, god pasienthandsaming, og høg kvalitet på tenestene våre. Her er det høgt under taket, med mykje latter og humor.
Kva kan Lærdal og omegn by på:
- Ein sjarmerande tettstad med rikt kulturliv på sommaren
- Fantastiske naturopplevingar for den som likar friluftsliv. Moglegheit for toppturar, skiturar, båtliv og fiske rett utanfor døra.
- Kort veg til saftbygda Sogndal
- Sentralt plassert i forhold til Oslo og Bergen
- Her finn du meir informasjon om Lærdal kommune.
Arbeidsoppgåver
- Førebuing og gjennomføring av undersøkingar ved konvensjonell røntgen, CT og MR.
- Tilrettelegge og assistere radiolog på ultralyd
- Samarbeide med andre profesjonar og einingar .
- Ta del i oppgåver som til ei kvar tid ligg til avdelinga
- God pasienthandsaming.
- Turnus med heimevaktsordning, og arbeid kvar 5-6 helg
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som radiograf
- Meistre norsk godt, både skrifteleg og munnleg
- Gode IKT-kunnskapar
- Det er ønskjeleg med kompetanse,og erfaring innan CT og MR
Personlege eigenskapar
- Godt humør og positiv innstilling
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
- Fagleg engasjert og interessert
- Initiativrik og handlekraftig
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Arbeider godt i team
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb med moglegheit for utvikling
- Gode kollegaer med mykje latter og humor
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilpassa opplæring
- Vi har eigen vaktbustad som kan nyttast når ein har heimevakt
- Sjukehuset har eigne bustadar for utleige
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kathrine Søraa Kilen, Seksjonsleiar, (+47) 934 45 067Arbeidssted
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4943426474
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 12.05.2025
Søknadsfrist: 09.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Radiograf
- FINN-kode
- 399782871
- Sist endret
- 27. mars 2025 06:40
Mer som dette
