Ferievikarar - helsesekretær/sekretær

Arbeidsgiver
Serviceseksjon Nordfjord, Helse Førde
Stillingstittel
Ferievikarar helsesekretær/sekretær
Frist
10.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Serviceseksjon Nordfjord søkjer ferievikar som helsesekretær/sekretær.

Serviceseksjon Nordfjord organiserer alle merkantilt tilsette ved Nordfjord sjukehus. Det er 10 årsverk. 

Eininga leverer sekretærteneste til medisinsk poliklinikk, radiologisk avdeling, skadepoliklinikken og avtalespesialistar med innkalling til poliklinikkane, telefoni og skriveteneste. Eininga har og ansvar for id-kort, resepsjon og sentralbord. 

Hovudoppgåva til ferievikar er resepsjonsarbeid, samt forefallande oppgåver som er tilknytta resepsjonen. Arbeidstid kl. 08.00 - 15.30.

Arbeidsperiode: 16.06.2025 - 08.08.2025. Søkjarar som kan jobbe heile perioden vert prioritert. 
Opplys i søknaden kva tidsrom du kan jobbe dersom du ikkje kan jobbe heile perioden.


Arbeidsoppgåver

  • Resepsjon
  • Telefoni
  • Pasientadministrative oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arbeid i pasientsystemet DIPS og Sectra og kjennskap til medisinsk terminologi er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Nøyaktig og løysingsorientert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Samarbeide godt med andre, dele kunnskap og erfaring
  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • Relevant opplæring

 

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Hanne Irene Emberland Bildøy, Seksjonsleiar, (+47) 578 31 325

Arbeidssted

Sjukehusvegen 9

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde


Referansenr.: 4944800280

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 16.06.2025

Sluttdato: 08.08.2025

Søknadsfrist: 10.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 9, 6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Kontor og administrasjon, Helsepersonell / Helsesekretær
FINN-kode
399795786
Sist endret
27. mars 2025 08:29