Tospråkleg lærar (ukrainsk), i inntil 50% mellombels stilling
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- Byrknes barnehage og skule. Tilsetjing 50% mellombels st. som tospråkleg lærar
- Frist
- 13.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Anna
Vil du jobbe for å gje elevar som kjem frå Ukraina ein god start i norsk skule? Gulen kommune, for tida ved Byrknes barnehage og skule, har ledig i inntil 50% mellombels stilling som tospråkleg lærar, frå 01.08.2025 - 31.07.2026. Me søkjer etter ein fagleg og dyktig lærar som beherskar ukrainsk og norsk.
Arbeidsoppgåver
Dei fire skulane i Gulen er relativt små 1-10- skular, kor dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervising åleine og saman med andre klassetrinn. I denne stillinga skal ein planlegge og gjennomføre tospråkleg opplæring i fag, og ha særskilt ansvar for norskopplæring. Vidare skal ein:
- Følgje opp og bidra til elevane si språklege og faglege utvikling
- Kartlegge, analysere og følgje opp elevane sin læringsprogresjon
- Bidra til at elevane opplever ein trygg skulekvardag og rettleie i sosial kompetanse
- Hjelpe elevane inn i klasse-og elevfellesskapet på skulen
- Delta og bidra i eit lærande fellesskap på skulen
- Andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse i grunnskulen (NOKUT-godkjenning/Direktorat for høyere utdanning og kompetanse for utanlandsk utdanning) eller utdanning som tospråkleg faglærar
- Tydelig og trygg pedagog som bidrar til inkludering og gode læringsvilkår
- Det er ein fordel om du har erfaring med undervising av minoritetsspråklege elevar
- Du bør ha bestått norskprøve B, skriftleg og munnleg, dersom du er søkjar med ukrainsk eller annan ikkje-skandinavisk språkbakgrunn
- Fordel med førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Er fagleg bevisst og har høg endringskompetanse
- Har gode kommunikasjonsevner, samhandlar godt med elevane og er ein tydeleg klasseleiar
- Samarbeider aktivt i det profesjonsfaglege fellesskapet om utviklinga av læringmiljø og læringsutbytte
- Gode IKT- kunnskapar
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Nordre Garden 24, 5970 Byrknesøy
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 399891346
- Sist endret
- 27. mars 2025 12:34
Mer som dette

