Faglærar

Arbeidsgiver
Vest-Telemark vgs yrkesfag, Telemark Fylkeskommune
Stillingstittel
Faglærer
Frist
11.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ledig stilling som faglærar ved avdeling for Teknologi og industrifag. Frå 1. august 2025 er det ledig inntil 50% stilling som faglærar på VG2 kjøretøy og industriteknologi.

 

Vi gjer merksam på at behovet per i dag er berekna til 50%, men kan bli høgare som følga av endringar knytt til søkartal, permisjonar o.a. som kjem til i løpet av søknadsprosessen. 


Arbeidsoppgåver

Me søkjer etter faglærar i programfaga på Vg2 kjøretøy og VG2 Industriteknologi. Det kan og være aktuelt med noko undervisning på VG1 Teknologi og industrifag.

Kvalifikasjonar

Du må ha fagbrev innan dei aktuelle fagområda, og det er ein fordel med teknisk fagskule eller anna relevant fagteoretisk utdanning. Praktisk-pedagogisk utdanning er eit krav for å få tilbod om fast stilling, men skulen er open for at ei fast tilsetting kan skje med ein avtale om at relevant pedagogisk utdanning vert gjennomført innan ein nærare avtala tidsperiode. 

Undervisningserfaring frå vidaregåande skule, IKT-kompetanse og gode skriftlege evner vert også vektlagt, men du er velkommen til å søkje stillinga sjølv om du ikkje fyller alle kompetansekrava.

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskaper og eignaheit vært vektlagt. Det er viktig med ei positiv haldning til ungdom i ulike livssituasjonar og evne til å etablere gode relasjonar til ungdom og kollegaer. Vi ynskjer medarbeidarar som vil strekke seg for å legge best mogleg til rette for læring, og som har evne til god klasseleiing. Følgjande personlege eigenskapar vert vektlagt:

- Gode kommunikasjonsevner

- Gode samarbeidsevner

- Systematisk og strukturert

- Innovativ og open for endringar

Vi tilbyr

Ved Vest-Telemark vidaregåande skule blir du del av eit inkluderande arbeidsmiljø. For regionen utgjer skulen ein kompetansearbeidsplass med rom for fagleg utvikling og deltaking i eit spennande profesjonsfellesskap.  
Vi tilbyr varierte arbeidsdagar og arbeidstid i tråd med gjeldande avtaler for pedagogar i undervisningsstilling. Det vil seie eit komprimert arbeidsår med fri i skulen sine feriar.
I undervisningsstillingar har du også rett på ei av dei sikraste pensjonsordningane i Noreg: Offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentlig tenestepensjon ei utbetaling som varer livet ut frå den dagen du sluttar å arbeide.
Pensjonen har inkludert uføre- og etterlattepensjon.

Kontaktinformasjon

Lars Ramdal Kleve, Avdelingsleder undervisning, 48006639

Arbeidssted

Storvegen 195

3880 Dalen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Telemark Fylkeskommune


Referansenr.: 4940283132

Stillingsprosent: 50%

Fast

Startdato: 01.08.2025

Søknadsfrist: 11.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Storvegen 195, 3880 Dalen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
399902910
Sist endret
27. mars 2025 12:36