Sjukepleiar/vernepleiar

Arbeidsgiver
Haugaland DPS, Kopervik 
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar
Frist
30.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Brukarstyrt post i Kopervik er underlagt Haugaland DPS i Klinikk for psykisk helsevern, og me tilbyr fem døgnplassar for pasientar med psykiske lidingar.
Pasientar med avtale har moglegheit til å skrive seg inn sjølv ved behov. Avdelinga vår byggjer på prinsippa om recovery og miljøterapi med fokus på pasientens eigne mål. 

Posten er bemanna med eit flott team av erfarne sjukepleiarar, vernepleiarar og og helsefagarbeidarar, og me søkjer no ein sjukepleiar/vernepleiar til fast helgestilling. Turnusen inneber arbeid kvar tredje helg, der vaktene varierar mellom dag kl.07.30 til 15.00, kveld kl.14.30 til 22.00 eller langvakt på tolv timar frå kl.10.00-22.00.

Grip sjansen, dette er ei unik moglegheit til å vere med å gjere ein forskjell for vår brukargruppe!


Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapi
  • Ansvarsvakt
  • Vera ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeid med pasientgruppa
  • Tilrettelegging for og deltaking i samtalar
  • Samarbeid med interne og eksterne instansar 

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Helsefagleg høgskule (bachelor)
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Engasjement og interesse for pasientgruppa
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • Sjølvstende
  • Gode relasjonsferdigheitar
  • Raushet og godt humør  

Vi tilbyr

  • Eit svært trivelig arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling  
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs bedrift 

Kontaktinformasjon

Eva Utseth Gangstø, Funksjonsleiar, eva.utseth.gangsto@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Asaldalvegen 1

4250 Kopervik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4944953813

Stillingsprosent: 20%

Fast

Søknadsfrist: 30.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
399903872
Sist endret
27. mars 2025 12:42