Bli vår neste superhelt i klasserommet!
- Arbeidsgiver
- Suldal kommune Overordna oppvekst
- Stillingstittel
- Lærar
- Frist
- 10.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Om oss:
Suldalskulane er totalt 6 små og store einingar der kreativitet og læring går hand i hand. Me trur på å skapa eit miljø der både elevar og lærarar kan utvikla seg, og me har eit felles mål for oppvekst i Suldal:
«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»
Me ser etter superheltar med desse superkreftane:
- Godkjent lærarutdanning.
- Skaparglede: du planlegg og gjennomfører undervisning som fangar elevane sin fantasi og nysgjerrigheit.
- Inkludering: du bygger eit trygt, inkluderande og støttande læringsmiljø der alle føler seg sett og høyrt og ambisjonar på vegner av alle elevane.
- Variasjon: du brukar kreative undervisningsmetodar, er fleksibel og løysingsorientert for å møta elevane sine ulike læringsstilar.
- Samarbeid: du jobbar tett med kollegaer, føresette og andre for å fremje elevane si utvikling.
- Engasjement: du er engasjert i elevane si læring og trivsel og deltek aktivt i skulen sine faglege og sosiale aktivitetar – saman skapar me eit positivt skulemiljø.
Me tilbyr:
- Eit godt arbeidsmiljø: Bli ein del av eit støttande og kreativt team. Me har eit aktivt velferdsutval som jobbar for at det skal vera sosialt på jobb. Kvart år arrangerer dei sommarfest på ulike stader i kommunen. Her blir du invitert til eit godt måltid og felles aktivitetar med kollegaer på tvers av arbeidsplassane. Velferdsutvalet inviterer deg også til Kom-i-form-konkurranse, og felles fjellturar i kommunen, der du kan bli premiert om du er aktiv. Innimellom kan du også bli invitert på middag og foredrag
- Konkurransedyktige vilkår: Suldal kommune har ekstra tillegg i lønn til lærarar og andre gode. For tilsette som har fast arbeidsplan vil me prøva å vera så fleksible som mogleg for å legga til rette for tilsette, særleg når det kjem til familiære behov. Me støttar di faglege og personlege vekst med mellom anna gode støtteordningar for vidareutdanning.
- Sjå: Me kan tilby - Suldal kommune heimeside
- Glede og meistring: Ein skulekvardag fylt med spennande utfordringar og magiske augeblikk.
- Rekrutteringsbustadar: Moglegheit for å søkje om å leige ein av rekrutteringsbustadane me har i kommunen. Me har rekrutteringsbustadar på Sand, Erfjord, Suldalsosen per no. Sjå på heimesida vår for korleis du søkjer.
Rekrutteringstiltak
- Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar, kan Suldal kommune vurdere fast tilsetting på¨vilkår for søkjarar som er i et utdanningsløp som oppfyller krava for tilsetting som lærar. (Sjå forskrift til opplæringslova §12-2, §12-3 og §12-5).
- Undervisningskompetanse i norsk, matematikk, engelsk eller spesialpedagogikk bør vere eit av faga i utdanningsløpet.
- Søkjarane må kunne kombinere utdanninga med minst 50% undervisningsstilling.
- Fast tilsetting føreset fullført godkjent utdanning innan normert tid.
- Suldal kommune vil tilby den fleksibilitet søkjar treng for å kombinere undervisningsstilling med gjennomføring av studiesamlingar og praksisperiodar.
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Slik søkjer du:
- Me ber om at du søkjer elektronisk.
- Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.
- Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Er du klar? Me treng deg!
Dette er skulane i Suldal.
Erfjord skuleRektor Aina Vaage mob 45201277 aina.vaage@suldal.kommune.no
Erfjord skule er ein barneskule frå 1. - 7. kl med ca 75 elevar.
Rektor Anne Kate Ellingsen mob 91198885 anne.kate.ellingsen@suldal.kommune.no
Marvik skule er ein fådelt barneskule som ligg på Ropeidhalvøya med ca 25 elevar.
Rektor Anne Marie Gamlem Rabba mob 45612131 anne.marie.rabba@suldal.kommune.no
Nesflaten oppvekstsenter er ein fådelt kombinert barne- og ungdomsskule med ca 15 elevar.
Ledig inntil 70% fast stilling. For skuleåret 25/26 ledig vikariat inntil 80% stilling. Fagønskje; godkjent undervisningskompetanse i norsk, engelsk, matte.
Søkjarar med lærarerfaring frå fådelt/udelt skule blir prioritert.
Jelsa oppvekstsenterRektor Britt-Elin Håranes mob 40482226 britt.elin.haaranes@suldal.kommune.no
Jelsa oppvekstsenter er ein fådelt barneskule med 21 elevar skuleåret 25/26.
For skuleåret 25/26 er det ledig vikariat inntil 50% stilling med fagønskje; norsk, musikk, naturfag KRLE og kunst- og handverk.
Sand skuleRektor Jorunn Hoås mob 91574334 Jorunn.Hoas@suldal.kommune.no
Sand skule har ca 300 elevar fordelt på 14 trinn frå 1.-10. trinn. 9. og 10. kl. har to klassar på kvart trinn, 8 kl. har tre trinn.
For skuleåret 25/26 er det ledig inntil 300% vikariat med fagønskje; tysk, norsk, engelsk, matematikk, musikk, arbeidslivsfag, skulehage og mat- og helse.
Vinjar skuleRektor Vibecke Håheim vibecke.haheim@suldal.kommune.no
Vinjar skule er ein barneskule med 97 elevar.
For skuleåret 24/25 er det ledig inntil 40% vikariat og inntil 30% vikariat frå 01.08.25 til 06.03.26. Fagønskje er; norsk, engelsk og matte. Desse vikariata kan kombinerast i ei stilling viss rett fagkompetanse er på plass.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 5
- Sted
- Eidsvegen 7, 4230 Sand
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 399916622
- Sist endret
- 27. mars 2025 01:10
Mer som dette
