Jordmor
- Arbeidsgiver
- Føde- og gynekologisk avdeling Stord sjukehus
- Stillingstittel
- Jordmor
- Frist
- 11.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vi er ei kombinert føde-, barsel og gynekologisk avdeling som har omlag 400 fødslar i året og 450 gynekologiske operasjonar. Avdelinga har seleksjonskriterier og samarbeider tett med fødeavdelinga, samt nyfødtintensiv ved Haugesund sjukehus.
Som jordmor hos oss får du ein variert arbeidskvardag, i ei til tider travel, men triveleg avdeling. Stillinga er tredelt og inkludert helg. Dersom spørsmål vedrørande stillinga, ta gjerne kontakt!
Arbeidsoppgåver
- Fødsel- og barselomsorg
- Sjukepleie og omsorg til gynekologiske pasientar
- Tverrfagleg samarbeid
- Studentrettleiing
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisasjon som jordmor
- Relevant sjukehuserfaring er ein fordel
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er strukturert
- har gode kommunikasjonsevner
- er pasientorientert
- har respekt for den enkelte pasient
- er sjølvstendig
- trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
Me tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Hildegunn Horvei, Funksjonsleiar, +47 47241033, hildegunn.horvei@helse-fonna.noElisabeth Sortland, Avdelingsleiar, +47 91801476, elisabeth.sortland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 625416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4945354782
Stillingsprosent: 70%
Vikariat
Startdato: 01.05.2025
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 11.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Tysevegen 62, 5416 Stord
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 399921879
- Sist endret
- 27. mars 2025 01:09