Ungdomsprest 100%

Arbeidsgiver
Øygarden kyrkjelege fellesråd
Stillingstittel
Ungdomsprest 100%
Frist
04.05.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Øygarden kyrkjelege fellesråd søkjer etter ungdomsprest 100%

Vil du vere med å forme framtida for ungdomsarbeidet vårt?

Brenn du for å leie og inspirere ungdom i trua? Ønskjer du å skape eit levande og inkluderande fellesskap der ungdom kan vekse, utvikle seg og finne sin plass i kyrkja? Vi søkjer etter ein engasjert ungdomsprest som kan ta åndeleg og strategisk leiaransvar for ungdomsarbeidet vårt.

Gjennom undervisning, fellesskap, relasjonsbyggjing og oppfølging vil du vere med å utruste ungdom og medarbeidarar.

Som ungdomsprest blir du ein del av det tverrfaglege teamet i Foldnes sokn, med hovudbase i Foldnes kyrkje. Her får du vere med på eit mangfaldig og aktivt kyrkjelydsarbeid som når ut til alle aldersgrupper. Foldnes sokn har 8613 medlemmer, der 1660 er under 18 år. Vi jobbar etter visjonen: Di kyrkje for alle dagar.

Du vil samarbeide tett med eit dyktig sokneteam sett saman av sokneprest, diakonimedarbeidar, kyrkjetenar, kyrkjelydspedagog, ungdomsarbeidar og organist. I ein del av stillinga vil du leie arbeidet med å utvikle og styrke ungdomsarbeidet i eit etablert samarbeid med kyrkjelydane Fjell, Foldnes og Landro. I tillegg blir du ein del av «Seksjon for barn og unge» – eit fellesskap av 15 engasjerte medarbeidarar frå heile fellesrådet. Vi møtast jamleg for fagleg påfyll, erfaringsdeling, lagbygging og inspirasjon.

Er du klar for å vere med på å skape eit engasjerande og trygt fellesskap der ungdom kan oppdage og leve ut si kristne tru? Då vil vi gjerne ha deg med på laget!


Arbeidsoppgåver

  • Åndeleg leiing av ungdomsarbeidet
  • Strategisk leiing og visjonsarbeid
  • Involvering av ungdom i gudstenesta
  • Ansvar for konfirmantundervisning saman med sokneprest, ungdomsarbeidar og pedagog
  • Gudstenestearbeid
  • Leiarutvikling for ungdom
  • Leirar
  • Etablere og organisere bibelgrupper eller andre grupper/tiltak for tweens og ungdom
  • Oppfølging av medarbeidarar knytt til ungdomsarbeidet (tilsette og frivillige)
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak og arrangement

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein kandidat som er ordinert prest eller kan ordinerast til presteteneste i Den norske kyrkja
  • Erfaring frå arbeid blant unge er ønskjeleg
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner på norsk, munnleg og skriftleg
  • Søkar må vere medlem av Den norske kyrkja
  • Søkar må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
  • Den som vert tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest i tråd med Trossamfunnsloven § 20)
  • Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Støttande og visjonær
  • Gode relasjons- og samarbeidsevner
  • Strukturert, sjølvstendig
  • Evne til langsiktig tenking
  • Initiativrik og ansvarleg

Vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid
  • Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit stort og kreativt arbeidsfellesskap
  • Løn og arbeidstilhøve følgjer tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
  • Pensjonsmedlemskap i KLP

Anna

  • Vi legg vekt på søkarar sine personlege eigenskapar, og at kompetanse og eigenskapar hos dei tilsette i teamet utfyller kvarandre.
  • Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast.
  • Administrasjonsspråket i Øygarden kyrkjelege fellesråd er nynorsk.

Kontaktinformasjon

Rannveig Vestbøstad Vik, Seksjonsleiar barn og unge, 41507011

Mathilde Karin Dale, Personalleiar, 90272703

Arbeidsstad

Tytebærbrekko 2

5353 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øygarden kyrkjelege fellesråd


Referansenr.: 4945522029

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.05.2025

Sektor
Privat
Sted
Tytebærbrekko 2, 5353 Straume
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet
FINN-kode
399923736
Sist endret
27. mars 2025 01:16