Sommarhjelp i kyrkjene i Øygarden 2025

Arbeidsgiver
Øygarden kyrkjelege fellesråd
Stillingstittel
Sommarhjelp i kyrkjene i Øygarden 2025
Frist
27.04.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Er du engasjert og praktisk anlagt som likar å arbeide ute? Då har vi sommarjobben for deg!

Vi søkjer no etter ein positiv og arbeidsvillig sommarhjelp til gravplassane og kyrkjene i Øygarden kommune for perioden 23.juni – 16.august. Dette er ein unik moglegheit til å jobbe i vakre omgjevnader, gjere ein viktig jobb for lokalsamfunnet og få verdifull arbeidserfaring.

Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd med 8 kyrkjer og 17 gravplassar, og vi ønskjer deg velkomen til vårt team.

Vil du vite meir? Besøk nettsida vår, ring oss, eller stikk innom vårt kyrkjekontor på Straume for ein hyggeleg prat!

Hugs å opplyse i søknaden kva veker du kan jobbe, om du har sertifikat og om du har tilgang til bil. Vi ser fram til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Klippe plen
  • Maling
  • Praktisk tilrettelegging
  • Anna førefallande arbeid

Kvalifikasjonar

  • Sertifikat og disponibel bil er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Positiv
  • Fleksibel
  • Samarbeidsvillig
  • Serviceinnstilt
  • Praktisk anlagt
  • Evnar å arbeide sjølvstendig og i team

Vi tilbyr

  • Timeløn etter tariff.
  • Køyregodtgjersle etter statens satsar.
  • Arbeid i team.

Kontaktinformasjon

Tore Heggernes, Driftsleiar, 93405925

Mathilde Karin Dale Løvfall, Personalleiar, 90272703

Arbeidsstad

Tytebærbrekko 2

5353 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øygarden kyrkjelege fellesråd


Referansenr.: 4944945436

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 27.04.2025

Sektor
Privat
Sted
Tytebærbrekko 2, 5353 Straume
Stillingsfunksjon
Annet, Håndverker
FINN-kode
399924413
Sist endret
27. mars 2025 01:25