Er du vår nye operatør i Politiets nettpatrulje Vest ?

Arbeidsgiver
FF-Seksjon for forebygging, Vest politidistrikt
Stillingstittel
Politibetjent 3/2/1 med funksjon som Operatør Politiets Nettpatrulje Vest
Frist
10.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for førebygging, Seksjon for førebygging er det ledig ei fast stilling ved Politiets nettpatrulje Vest.

Politiets nettpatrulje Vest består av 6 polititilsette; ein fagleiar, ein kombinert etterretning/operatør, og 4 operatørar. I gruppa er nokon forholdsvis nyutdanna, mens andre har jobba i politiet i lengre tid. Seksjon for førebygging er stasjonert i Bergen sentrum og består av fleire førebyggjande funksjonar, som førebyggjande koordinator, radikaliseringskontakt, koordinator for trusselutsette, politiets Nettpatrulje, næringslivskontakt m.fl.

Nettpatruljen vart etablert i oktober 2019 og har hatt ei spanande utvikling etter dette. Vi har no nærare 890 000 følgjarar til saman på Facebook, Instagram og TikTok. I 2021 vann vi "Social Media Awards" for årets virksomhet/merkevare og har fått mykje merksemd i media. Vi har eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter til å vera kreativ.


Arbeidsoppgåver

  • Kriminalitetsførebygging og haldningsskapande arbeid på nett
  • Bygge tillit og ha dialog med innbyggjarane på nett og sosiale medier
  • Patruljering på nett
  • Dagleg oppfølging av politiprofilane våre på blant anna Facebook, Instagram og TikTok
  • Gi råd og rettleiing, motta og behandle tips, samt svare på ulike spørsmål frå innbyggjarane via chat
  • Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Halde foredrag og undervisning internt og eksternt - både fysisk og digitalt
  • Vere politiet sitt ansikt ut mot innbyggjarane, gjennom sosiale medium og anna førebyggjande verksemd.
  • Andre arbeidsoppgåver innan fagfeltet
  • Noko turnusbasert arbeid og operativ patruljeeteneste må påreknast

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen.  Vedlagde karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden (trykk på lenke for vedlegg)
  • IP4 godkjend, eller kvalifisert og villig til å bli godkjend
  • Svært god framstillingsevne munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Uttømmande og utvida politiattest må innhentast ved evt. ansettelse jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.

Ønskeleg:

  • Erfaring frå arbeid med nettpatrulje er ein fordel
  • Erfaring innan digitalt grafisk arbeid og/eller videoproduksjon er ein fordel (Adobe-program eller liknande)
  • Kunnskap om bruk av digitale verktøy, og erfaring frå bruk av sosiale medier er ein fordel
  • Erfaring frå kriminalitetsførebyggjande arbeid og/eller forståing for heilskapen i kriminalitetsførebyggjing er ein fordel
  • Kunnskap om ny teknologi er ein fordel
  • Erfaring med gaming og gamingplattformer er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Vere ein positiv person med godt humør og ein god rollemodell som skaper tillit og bygger gode relasjonar
  • Ha høg motivasjon for stillinga og oppgåvene som skal utførast
  • Vere kreativ, initiativrik, fleksibel og god på kommunikasjon
  • Trivst med teamarbeid og jobbar godt med andre internt og eksternt, men evner òg å jobbe sjølvstendig
  • Gode sosiale evner som fremmer trivsel og eit godt arbeidsmiljø vil bli vektlagt

Vi ynskjer også at du er modig og heilhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Vi jobbar saman for fellesskapets beste i tråd med lover, reglar og våre verdiar

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
  • Stillinga blir lønna som politibetjent 3/2/1 - SKO 1461/1459/1457:
    • Politibetjent 3 - brutto årslønn på frå kr. 640 000,-
    • Politibetjent 2 - brutto årslønn på frå kr. 530 000,-
    • Politibetjent 1 - brutto årslønn på frå kr. 500 000,-

Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten. 

  • Oppnormering/omgjering til Pb2 og Pb3 skjer i samsvar med gjeldande kompetansekriterier for Pb2 og
    Pb3.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no).

Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfold er en styrke. Vi treng medarbeidere med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgaveløysning. Dersom det er mogleg, vil vi tilrettelegge for medarbeidere som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjer i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil sei positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylle visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsettelse, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette i vår rekrutteringsportal. Avkrysningane danner grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige virksomheter rapporterer i sine årsrapporter.

Du kan lese meir på arbeidsgjevarportalen  https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.   

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har anmoda  om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje  blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksnr. 25/67776

Kontaktinformasjon

Maren Gjesdal, Fagleiar Nettpatruljen Vest, 96208923

Kristine Pettersen, Seksjonsleiar, 91367906

Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Spørsmål om elektronisk CV/søknad, 207.hr@politiet.no

Arbeidssted

Allehelgens gate 6

5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt


Referansenr.: 4940221826

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 10.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Stillingsfunksjon
Annet, Rådgivning, Sikkerhet
FINN-kode
399940252
Sist endret
27. mars 2025 01:52