
Barsjef og Krovert
- Arbeidsgiver
- Studentsamskipnaden på Vestlandet - Sammen
- Stillingstittel
- Barsjef og Krovert
- Frist
- 30.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ved vårt studenthus i Sogndal søkjer me etter barsjef og krovert.
Meieriet er studenthuset i Sogndal og ein populær samlingsstad for studentane. Huset er eigd og drifta av Studentsamskipnaden på Vestlandet ved dagleg leiar. Barsjef og krovert vil ha tett samarbeid med dagleg leiar om drifta på huset.
Studentsamfunnet i Sogndal, som består av frivillige, står for aktiviteten som skjer på huset.
Meieriet tilbyr ei rekkje fasilitetar, inkludert konsertscener, barar, kafé, møterom, øvingsrom for band og fleirbrukslokale som blir brukt til kor, drama, podkastar og andre aktivitetar. Det er ein stad der studentar kan delta i sosiale og kulturelle aktivitetar, og det er kjent for sitt livlege miljø og engasjerande arrangement.
Vi søkjer to engasjerte personar i inntil 50 % stilling.
Arbeideistida er hovudsakleg på kveld og helg, og følger studieåret. Arbeidstida vil variere, det er meir arbeid i semesteret og lite eller ikkje noko om sommaren.
Me tek intervju fortløpande av aktuelle kandidatar.
Felles ansvarsområde
- Vere bindeledd mellom Studentsamskipnaden og studenthuset.
- Samarbeide tett med dagleg leiar.
- Ha ansvar for kommunikasjon og samarbeid blant studentane.
- Delta på styremøte og leie vaktsjefane.
- Ansvar for tryggleik og gjennomføring av arrangement.
- Leie frivillige og tilsette, samt sørgje for opplæring og bemanning.
- Vere med på planlegging og gjennomføring av studiestart.
- Ansvar for rydding etter arrangement.
- Utføre andre oppgåver etter behov.
Oppgaver for Barsjefen
- Rådgjeve frivillige og studentar.
- Ansvar for bar og skjenking, samt innføring av internkontrollsystem.
- Ansvar for innkjøp og lagerstyring.
- Gjennomføre nødvendige kurs og prøvar som offentlege krav krev.
Oppgåver for Kroverten
- Rådgjeve ved arrangement.
- Ansvar for brannvern og gjennomføre brannøvingar.
- Følgje opp HMS og politisaker.
- Samarbeide med kommune, politi og eksterne aktørar.
Kvalifikasjonar
- Erfaring med HMS, internkontroll og brannvern er ein fordel.
- Erfaring frå studenthus, kulturnæring, bar eller restaurant er òg ein fordel.
- Du er initiativrik, fleksibel og har god samarbeidsevne.
- Det er ein fordel om du har erfaring frå studentlivet.
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver og eit godt sosialt miljø.
- Pensjonsordning og lønn etter avtale.
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for fagleg utvikling.
- Ansatthytte på Kvamskogen
- Sektor
- Privat
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Fjørevegen 18 A, 6856 Sogndal
- Stillingsfunksjon
- Mat og servering, Annet, Kundeservice
- FINN-kode
- 399953265
- Sist endret
- 28. mars 2025 07:02
Mer som dette


