Stråleterapeut / Radiograf
- Arbeidsgiver
- Stråleterapi, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Stråleterapeut / Radiograf
- Frist
- 13.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vil du vere med på vinnerlaget og vidareutvikle helsetjenester i verdsklasse for våre pasientar?
Stråleterapiseksjonen i Ålesund har ledig fast stilling som stråleterapeut / radiograf med oppstart snarast / etter avtale. Det vil og bli behov for vikariat ved evt interne opprykk.
Stråleterapiseksjonen er lokalisert i kreftbygget og er ein del av det onkologiske fagmiljøet i klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Vi er 14 stråleterapeutar og 3 fysikarar som arbeidar tett saman i teamet. Seksjonen gir eit fylkesdekkande tilbod innan stråleterapi for pasientar i Møre og Romsdal. Stråleterapien disponerer moderne utstyr for planlegging og gjennomføring av strålebehandling. Vi har ein Philips BigBore CT med Sentinel pustestyring, nyttar RayStation for planlegging og har 2 Elekta Versa HD lineærakseleratorar med Catalyst pustestyring. Seksjonen er leiande innan bruk av kunstig intelligens og skripting.
Tilnærma all behandling blir gitt med VMAT-teknikk og vi gir stereotaktisk strålebehandling til behandlingsregionar som hjerne, lunge og skjelett.
Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!
Vi ber om at vitnemål og attestar vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV i webcruiter. Ver venleg å oppgi referansar.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Ålesund sjukehus ligg flott plassert mellom fantastiske fjell og fjordar, og med lett tilgjengelige aktivititar på sjø og land både vinter og sommar. Les meir om Ålesund og omland her.
Arbeidsoppgåver
- Delta i det daglege arbeidet ved eininga
- Kvalitetssikre- og gi avansert strålebehandling
- Bidra til fagleg utvikling
- Bidra til godt samarbeid mellom faggrupper i og utanfor avdelinga
Kvalifikasjonar
- Søkarar må ha norsk autorisasjon
- Etterutdanning i stråleterapi
- Klinisk erfaring frå ei stråleterapiavdeling er ønskeleg
- Radiografar med ønske om å ta videreutdanning i stråleterapi
- Gode datakunnskapar
- Beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetting
- Motivert og engasjert
- Strukturert og kvalitetsbevisst
- Nytenkande og endringsvillig
- Byr på deg sjølv og bidreg sosialt for å skape eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Strålebehandling i verdsklasse
- Eit framoverlent fagmiljø som er opptatt av å vere i front med nye behandlingsteknikkar
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Kristin Farstad, Seksjonsleiar, 91713219, Kristin.Farstad@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4926659991
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.05.2025
Søknadsfrist: 13.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Radiograf, Sykepleier
- FINN-kode
- 399955345
- Sist endret
- 28. mars 2025 06:56
Mer som dette
