Førsteamanuensis II i historiedidaktikk

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Førsteamanuensis II i historiedidaktikk
Frist
22.04.2025

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-w
Førsteamanuensis II i historiedidaktikk

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det ledig ei åremålsstilling (20%, ekstraerverv «bistilling») som førsteamanuensis II i historiedidaktikk. Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetjing. Eit krav for tilsetjing i bistilling er at ein har ei hovudstilling utanfor Universitetet i Bergen. 

Oppstartsdato for stillinga er 01.08.2025, eller så snart som mogleg etter dette. 


Historie ved AHKR

Historiefaget handlar om menneske i samfunn gjennom tidene. Ved AHKR blir det utøvd historisk forsking, samstundes som instituttet gjev undervising i historie for studentar på lågare grad (bachelor), høgare grad (master) og på doktorgradsnivå (ph.d.), og undervising i historiedidaktikk for lektorstudentar. Etter- og vidareutdanning er eit felt instituttet ønskjer å utvikle særskilt. Instituttet legg vekt på fagleg breidde og driv forsking og undervising i alle historiske periodar frå antikken til i dag, innan ulike nivå frå det lokale til det globale, og innan ulike felt som økonomisk, sosial, kulturell og politisk historie. Det er for tida 22 faste vitskaplege stillingar i historie ved AHKR.


Arbeidsoppgåver:

Til stillinga som førsteamanuensis II i historiedidaktikk ligg det undervising og rettleiing, samt deltaking i lektorutdanninga (praksisbesøk). Den som tek til i stillinga, vil også kunne ha ulike fagleg-administrative oppgåver. Instituttet legg til grunn at den som vert tilsett, tek del i den kontinuerlege utviklinga av undervisingsmiljøet.

Undervisingsspråket er norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2. 

Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. 


Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Søkjarar må ha forskingskompetanse innan historie tilsvarande norsk doktorgrad. Forskingskompetanse i historiedidaktikk vil vera ein fordel. 
  • Søkjarar må kunne undervisa og rettleia i historiedidaktikk og historie.
  • Erfaring frå lærar/lektorutdanning vil vera ein fordel. 
  • Til stillinga som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program.
  • Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eiga undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgare utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.
  • Den som blir tilsett må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir difor tillagt vekt.

Vi tilbyr: 
  • Brutto årsløn på 745 000,- til 785 000,- i full stilling (kode 1011).
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga: 

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja "SØK STILLINGA" på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde: 

  • Søknadsbrev. 
  • CV.
  • Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular. 
  • Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her). 
  • Publikasjonsliste (som vedlegg). 
  • Inntil fem vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar) som det skal takast omsyn til i vurderinga. 
  • Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar. Ein av desse bør vera noverande eller tidlegare overordna. 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format. 

Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre (3) eksemplar til: Universitetet i Bergen, AHKR, Postboks 7805, 5020 Bergen. 

Aktuelle kandidatar vil bli inviterte til intervju og eventuell prøveforelesing. 

Søkjarar kan finne ei rettleiing for korleis du søkjer stillinga her.

NB: Vi gjer merksam på at søknadene vil bli vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar, professor Teemu Ryymin, per e-post teemu.ryymin@uib.no eller tlf. 55 58 38 79, eller undervisingskoordinator, førsteamanuensis Christian Sæle, per e-post Christian.Sele@uib.no eller tlf. 55 58 26 25.

Spørsmål om den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Meir informasjon om tilsettingsprosessen finn du her.


Sektor
Offentlig
Sted
Øysteins gate 3, 5007 Bergen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Annet
FINN-kode
400044892
Sist endret
28. mars 2025 08:37