Fast helgestilling- Miljøterapeut i barneavlastninga, Butenesta Haram
- Arbeidsgiver
- Tenesteområde Butenester, Haram kommune
- Stillingstittel
- Fast helgestilling- Miljøterapeut, Butenesta Haram
- Frist
- 13.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Haram bustader har ledig helgestilling som for tida har arbeidsstad i avdeling barneavlastning. Stillinga er for tida på helg, med hyppigheit kvar 4. helg og stillingsstorleik 11,27%. Stillinga er ledig for Miljøterapeut. Dei som har 3-årig helse- eller sosialfagleg bakgrunn kan søke på denne.
Haram bustader yter tenester på følgande område; tenester i bustad retta mot personar med diagnose utviklingshemming, dagsenter, avlastningsteneste for vaksne, barnebolig/avlastning og Solbakken bukollektiv.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil kreve nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid
- Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønsker
- Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk
- Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar i avdelinga
- Utarbeide, oppdatere og følge opp tiltak og planar etter vedtak og behov
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller annan treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag
- Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team
- Erfaring frå arbeid med barn
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg
- Førarkort kl. B
- Erfaring frå arbeid rundt menneske med psykisk utviklingshemming
- Tilfredsstillande politiattest
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- Viser initiativ og er kreativ
- Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert
- Er pliktoppfyllande og sjølvgåande
- Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson
- Evnar å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Evnar å skape engasjement og har gode haldningar og moral
- Er ein lagspelar som bidreg til at felles mål blir nådd
- Er lojal og stabil
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling
- Rom for å være kreativ
- Løn etter gjeldande tariffavtale
Kontaktinformasjon
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.noAmanda Kristin Rise, Avdelingsleiar, 91161215, Amanda.Kristin.Rise@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Ulvestadvegen6265 Vatne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4943369868
Stillingsprosent: 11,27%
Fast
Søknadsfrist: 13.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Ulvestadvegen, 6265 Vatne
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 400050080
- Sist endret
- 28. mars 2025 09:17
Mer som dette
