
Lærarar
- Arbeidsgiver
- Emblem skule, Ålesund kommune
- Stillingstittel
- Lærar
- Frist
- 13.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi på Emblem skule skal utvide laget vårt. Er du ein av våre nye lagspelarar?
Vi har ledig to lærarstillingar; ei fast stilling og eit vikariat i inntil 100 % skuleåret 25/26. Begge stillingane er på 1.-4.trinn.
Vi søkjer etter engasjerte og dyktige lærarar, som er positive og opptekne av å skape eit trygt og godt skulemiljø for alle elevane på skulen.Den faste stillinga vil innebere kontaktlæraransvar. Vikariatet med individuelt tilrettelagt opplæring (ITO), styrkingstimar knytt til tidleg innsats og timelærar i ordinær undervisning.
Emblem skule er ein ny og flott barneskule med om lag 200 elevar. Vi held til i lyse, flotte lokalar med gode spesialrom, bibliotek, amfi og eit ope hjarterom midt i bygget. Alle trinn har fine areal med klasserom, grupperom og fellesareal som gir rom ulike typar læringsaktivitetar.
Vi har ein stor idrettshall, og eit uteareal som gir rom fysisk aktivitet, leik og variert undervisning. Skulen ligg nært skog, sjø og fjell. Om vinteren er det oppkøyrde langrennsløyper rett ved skulen.
Arbeidsoppgåver
- Tett oppfølging av elevane sin faglege og sosiale utvikling
- Pedagogisk utviklingsarbeid på trinn, team og felles for heile skulen
- Samarbeid mellom heim og skule
- Kontaktlæraransvar er aktuelt i den faste stillinga
- Bidra til å utvikle eit trygt og godt læringsmiljø for alle elevane våre
Kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse for 1.-7.trinn
- God digital kompetanse og praksis
- Kompetanse knytt til lese- og skriveopplæring
- Kompetanse i engelsk
Personlege eigenskapar
- Du er ein varm og tydeleg klasseleiar med blikk for tilpassa opplæring
- Du har eit positivt elevsyn med evne til å bygge gode relasjonar
- Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid
- Du har evne til samarbeid både inn mot kollegar og føresette
- Du er påliteleg, ansvarsbevisst og fleksibel
- Du bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø for deg sjølv og kollegaene dine
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på
Vi tilbyr
- Du er ein varm og tydeleg klasseleiar med blikk for tilpassa opplæring
- Du har eit positivt elevsyn med evne til å bygge gode relasjonar
- Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid
- Du har evne til samarbeid både inn mot kollegar og føresette
- Du er påliteleg, ansvarsbevisst og fleksibel
- Du bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø for deg sjølv og kollegaene dine
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på
Kontaktinformasjon
Jorun P F Sundklakk, Verksemdsleiar /Rektor, +47 70 16 51 01Arbeidsstad
Markastien 156013 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4940789757
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 13.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Markastien 15, 6013 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 400050326
- Sist endret
- 02. apr. 2025 07:32
Mer som dette


