KYRKJELYDSPEDAGOG - BARNE- OG UNGDOMSARBEIDAR - vikariat

Arbeidsgiver
Vindafjord kyrkjelege fellesråd
Stillingstittel
KYRKJELYDSPEDAGOG - BARNE- OG UNGDOMSARBEIDAR - vikariat
Frist
16.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vindafjord kommune er ein aktiv og vital kommune med knapt 9000 innb. Her er gode
butilhøve, vakker natur, aktivt kulturliv og mykje frivillig arbeid i
kyrkjelydane og elles. Kommunen har frå før kateket i 80 % stilling og
kyrkjelydspedagogar i 45 % + 50 % stilling, og dessutan tre sokneprestar, kyrkjeverje, kantor og fleire deltidsstillingar som kyrkjetenarar mm.

Det er gjort eit godt grunnlagsarbeid innan kyrkjeleg undervisning og læring (tidlegare kalla
«Trusopplæring») i samarbeid mellom dei 7 sokna i kommunen. Den som blir
tilsett vil ha høve til å påverke utviklinga av kyrkja sitt arbeid blant barn
og unge i ein kommune med mange frivillige. Målforma i kommunen er nynorsk. 

Kyrkjelydspedagog/barne- og ungdomsarbeidar 40 % stilling  vikariat.  Det er ledig eit vikariat i 40 % stilling som kyrkjelydspedagog/barne- og ungdomsarbeidar i Vindafjord fellesrådsområde, med Ølen og Bjoa sokn som hovud-arbeidsområde.

I Skjold er det også ledig stilling som kyrkjetenar i 40% , og det er mogeleg å kombinera desse stillingane. Det er utarbeidd instruks for stillinga.

Det er utarbeidd instruks for stillinga.  


Arbeidsoppgåver

  • Vera hovudansvarleg for planlegging og gjennomføring av aktivitetar i fylgje lokal plan for kyrkjeleg
    undervisning og læring, i samarbeid med øvrige kyrkjelydspedagogar, kateket, prest og organist
  • Deler av arbeidet må realiserast i samarbeid med det frivillige kristne b/u-arbeidet i soknet som
    skjer i regi av ulike organisasjonar. Kyrkjelydspedagogen er koordinator for
    desse samarbeidsprosjekta, har ansvar for at innhaldet samsvarer med planane, og
    tek seg av rapportering.
  • Ha kjennskap til og kontakt med leiarane i det frivillige b/u-arbeidet og med sokneråda sine utval
    innan kyrkjeleg undervisning, for å fremja fellesskap og samkjensle i arbeidet,
    slik at det frivillige b/u-arbeidet og det lønna arbeidet kan utfylla kvarandre
    og vera til gjensidig støtte og inspirasjon.

Kvalifikasjonar

  • Gode kommunikasjon- og formidlingsevner i møte med barn og unge
  • Utdanning innan pedagogikk og kristendom/teologi, og gjerne med tilleggsfag som t.d.
    forming, drama, dans eller musikk
  • Relevant yrkeserfaring er eit pluss.
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig,
  • Gode samarbeidsevner

Søkjar må

  • Vera medlem av Den norske kyrkja
  • Kunne legge fram gyldig politiattest
  • Disponere eigen bil 
  • Kunne arbeide på kvelds- og helgetid etter oppsett plan 

 

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar.
For opplysningar om stillinga, kontakt:
Kyrkjeverja i Vindafjord i telefon 53 65 57 93 eller
kateket Britt Karstensen, tlf. 45221580.
Søknad med CV, referansar, kopi av vitnemål og attestar

Kontaktinformasjon

Inghart Lasse Tveit, Kyrkjeverje i Vindafjord, 97764146

Britt Karstensen, Kateket, 45221580

Arbeidssted

Kleivavegen 2

5574 Skjold

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vindafjord kyrkjelege fellesråd


Referansenr.: 4946006693

Stillingsprosent: 40%

Vikar

Søknadsfrist: 16.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Kleivavegen 2, 5574 Skjold
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
400050559
Sist endret
28. mars 2025 09:20